Avslutningskveld fredag 16. oktober

Postet av Hemsedal IL den 11. Okt 2015

Det blir sesongavslutning for o-gruppa fredag 16. oktober kl. 18.00 på Kyrkjestugu. Vi håpar mange kan koma. Om du har vore på mange eller få løp spelar ingen rolle, alle er hjarleleg velkomne.

Det blir:

  - Gratis pizza og brus
  - Litt informasjon frå styret
  - Konkurranse / leik
  - Premieutdeling frå klubbmesterskapet
  - Utdeling av innsatspremie.

Vi reknar med å vere ferdige til kl. 19.45.



Resultater nattorientering 30.09

Postet av Hemsedal IL den 28. Sep 2015

Sesongens siste og kanskje mest spennande o-løp, nattorienteringa, gjekk onsdag 30. september med start frå Gravset skistadion.

Rune vann lengste løypa, medan Per Kristian hadde beste tid på mellomlang løype. Mest imponerande var kanskje likevel vinnartida på kort løype, der Sindre slo til med ei kilometertid på 6 min og 50 sek!

Resultat nattorientering 2015

Signe Lise hadde lagt fine løyper og etter løpet var det gratis frukt, twist, kake, brus og kaffe på Gravsetstugu.

Avslutningskvelden er ikkje heilt spikra endå, men det kan sjå ut som den blir allereie fredag 16. oktober, så set av denne kvelden.







Treningsløp onsdag 23. sept.

Postet av Hemsedal IL den 22. Sep 2015

Sesongens siste vanlege treningsløp gjekk onsdag 23. september i eit flott o-terreng i Eikre. Til tross for at det skjedde veldig mykje anna denne kvelden, stilte 40 løparar til start. Halvor hadde beste tid på kort løype, Terje vann mellomlang, medan Neil var raskast på lengste løypa. Lars Einar og Sissel hadde lagt fine løyper.

Resultater treningsløp 23.09.2015.pdf

Neste onsdag er det nattorientering på Gravset kl. 20.00. Det blir kjempespennande. Hugs å ha fulle batteri!



Halvor er klar til start. Han vann kort løype.




Sissel har full kontroll på tidtakinga.









Resultater Hallingtreffen 4

Postet av Hemsedal IL den 14. Sep 2015

76 løparar deltok på sesongens fjerde og siste hallingtreff, som gjekk i Gravset onsdag 16. september. Etter målgang var det saft, kaffe, frukt, twist og kake i Gravsetstugu til alle som hadde delteke. Etter løpet var det premiering både frå dette løpet og for Hallingtreffen samanlagt.

Resultater Hallingtreffen 4

Samanlagtresultat kjem etterkvart.

Invitasjon Hallingtreffen 4

Samanlagtresultat etter 3 løp

Neste onsdag er det vanleg treningsløp med start frå Eikre.






Dobbeltseier til Hemsedal på stafetten

Postet av Hemsedal IL den 13. Sep 2015

Hemsedal tok både 1. og 2. plass på Hallingdalsmesterskapet i stafett sundag 13. september. Neil, Elin og Ola sprang på vinnarlaget, medan Rune, Guri og Endre sprang på sølvlaget. Nesbyen IL kom på tredjeplass og Ål IL på fjerdeplass. Hemsedal stilte med 5 lag på stafetten, som gjekk på åsen ovanfor Øvre Ål.

Grunnlaget vart lagt på fyrste etappe, der Neil og Rune veksla i tet, heile 10 min. før Nesbyen og Ål sine beste lag! Elin og Guri fulgte opp på andre etappe. Dermed vart det ein enkel jobb for Ola og Endre å sikre dobbeltseier.

Alle 3 løparane på fyrstelaget vårt hadde beste etappetid, medan alle løparane våre på Hemsedal 2 hadde nest beste etappetid! Håvard, på Hemsedal 3 hadde 3. beste etappetid på siste etappe.

Dessverre fekk Ola eit kutt i foten like før målpassering og måtte på legevakta for å sy etter at premieutdelinga var ferdig.

Resultat HM stafett 2015.pdf


Link til reportasje i Hallingdølen: http://hallingdolen.no/article/20150914/ARTIKKLER/...



Vinnarlaget: Ola, Elin og Neil




Spente løparar før start. Rune, Sissel, Nils Erik, Gunvor og Neil spring fyrsteetappe på våre 5 lag. Nesbyen 1 stiller med Kristen Mikkelsplass og Ål 1 med Arnstein Sørbøen.




Rune og Neil tek teten frå start.




Rune kjem fyrst til passeringsposten ved samlingsplass og har att ca. 1 km av fyrste etappe




Neil er rett bak. Til høgre i biletet ser vi Rune på veg ut frå posten.




Ivrige løparar følgjer spent med på passeringsposten.




Arnstein passerer som nummer 3, men har så langt tapt ca 5 min. til hemsedalslaga i tet.




Rune og Neil diskuterer etter målgang





Resultater klubbmesterskap 2015

Postet av Hemsedal IL den 8. Sep 2015

Årets klubbmesterskap gjekk onsdag 9. september med start frå Hemsedal Hytte- og Feriepark. 64 løparar kosa seg med sol og fine, men krevjande løyper. På dei to lengste løypene fekk løparane kartet i startøyeblikket. Neil var 41 sek. før Ola på lengste løypa, medan Elin var raskast på mellomlang løype. Det blir premieutdeling på avslutningskvelden til hausten.

Resultater klubbmesterskap 2015.pdf

Tore Tyribakken var løypeleggjar.



Resultater sykkelorientering

Postet av Hemsedal IL den 1. Sep 2015

44 syklistar deltok på årets sykkelorientering 4. september.

Resultater sykkelorientering 2016.pdf

Ca. 30 postar var teikna inn på turkartet og syklistane avgjorde sjølv kva postar dei ville ta. Postar som låg langt vekk gav mest poeng og målet var å samle flest poeng i løpet av 2 timar, eventuelt i løpet av 1 time. Gjekk syklisten over denne tida vart det minuspoeng. Det var enkel orientering, så dette passa bra for alle! Start var ved fotballbanen.


Vel møtt!





Resultat Hallingdalsmesterkapet 02.09

Postet av Hemsedal IL den 1. Sep 2015

Årets Hallingdalsmesterskap gjekk onsdag 2. september på kartet Svangtjern ovenfor Bromma. Eit fint terreng og gode løyper, men kraftig regnvær sette nok ein liten dempar på arrangementet og deltakinga.

Av våre løparar vart Guri (D15-16), Håvard (H17-18), Vendula (D19), Ola (H19), Endre (H35) og Nils Erik (H50) hallingdalsmeistrar.


Resultat Hallingdalsmesterskapet 2015.pdf



KM individuelt i Sigdal 29.08

Postet av Hemsedal IL den 1. Sep 2015

Sju hemsedøler tok turen til Sigdal laurdag 29. august for¨å delta på KM individuelt. I D21 var Vendula einaste fullførande deltakar frå Buskerud og vart dermed kretsmeister. Vi gratulerer! Det vart klassesiger til Sindre (H11-12) og Sissel (D17AK), medan Neil (H40) og Endre (H45) tok kvar sin andreplass. God innsats av Halvor og Elin også.

Resultater KM individuelt 2015 (Klikk på link øverst på resultatsida for å få strekktider)



Sindre og Halvor var dei to yngste deltakarane frå Hemsedal. Tida før og etter løpet gjekk i stor grad med til blåbæreting.


Resultater treningsløp 26.08

Postet av Hemsedal IL den 24. Aug 2015

Løpet gjekk på Langeset-kartet. Det var som vanleg lett nybegynnarløyper og ganske enkel kortløype. Dei to lengste løypene hadde fleire små sløyfer med kartbytte. Knut Terje var løypeleggjar. Gratis saft, frukt og twist etter løpet.

Resultater treningsløp 26.08.2015.pdf

Neste onsdag er det Hallingdalsmesterskap på Nesbyen. Håper mange har lyst til å vere med. Felles avreise frå Kiwi kl. 17.





Hallingtreffen 3 på Ål onsdag 19. aug.

Postet av Hemsedal IL den 15. Aug 2015

Ål IL arrangerte Hallingtreffen 3 onsdag 19.aug på kartet Vermelie. Samlingsplass ved Brøtmyran.

Resultater

Samlingsplass: Kart

Sjå for øvrig invitasjon her

De må køyre gjennom ein bomveg (50 kr).

Resultat leggjast ut på heimesida straks dei er klare: Ål IL - O-gruppa

Velkomen!







Neil med godt resultat i veteran VM

Postet av Hemsedal IL den 14. Aug 2015

Neil deltok på veteran VM i Gøteborg som gjekk i månadsskiftet juli/august. På det fyrste kvalifiseringsløpet vart Neil nr. 11 av 50 startande, medan han vart nr. 16 av 50 på kvalifiseringsløp nr 2. Dermed var Neil klar for A-finale i klasse H40. I A-finalen deltok 50 løparar og Neil sprang inn til 30. plass. Vi gratulerer med god innsats.

Veteran VM





KM individuelt og stafett 29. og 30. august

Postet av Hemsedal IL den 10. Aug 2015

Laurdag 29. august er det klart for KM individuelt i Sigdal og på sundag er det KM stafett ved krigsskula på Linderud utanfor Oslo. Stafetten er eit fellesarrangement for Buskerud, Akershus og Østfold o-kets.

Invitasjon KM individuelt.    Ordinær påmeldingsfrist er 24.08: Påmelding KM ind.

Invitasjon KM stafett.    Ordinær påmeldingsfrist er 26.08: Påmelding KM stafett





Ringerike 2-dagers / NM Ultralang

Postet av Hemsedal IL den 10. Aug 2015

22. og 23. august er det klart for Ringerike 2-dagers. På laurdag er det NM Ultralang frå same arena og løpet på sundag inngår i PWT-cup for D/H 13-14 og D/H 15-16. Løpa går frå Eggemoen og det hadde vore kjekt om vi blir ein gjeng frå Hemsedal, sjølv om det kolliderer med AIM Challange. Guro og Ola er påmeldt på NM Ultralang og fam. Ulsaker deltek på Ringerike 2-dagers.

Invitasjon NM Ultralang.    Ordinær påmeldingsfrist er 10. august: Påmelding NM Ultralang

Invitasjon Ringerike 2-dagers.    Ordinær påmeldingsfrist er 17. august:  Påmelding Ringerike 2-dagers





Turorientering

Postet av Hemsedal IL den 10. Aug 2015

Hemsedal Fjellsport har også i år lagt ut 40 postar på karta Torsetåsen, Eikre og Synarsvaet. Mange av postane er nokså krevjande og fine å bruke til trening. Anbefaler difor å kjøpe turorientering på turistkontoret eller i sportsbutikkane.

Meir info: Turorientering



Hovedløp og o-landsleir 7. - 12. august

Postet av Hemsedal IL den 10. Aug 2015

Elin var einaste deltakar frå Hemsedal på hovedløpet og o-landsleiren i år. Hovedløpet, som går i Larvik, er uoffisielt NM for 14, 15 og 16 år. På langdistansen vart Elin nr 30 av i alt 70 startande i D16, i ei fysisk og o-teknisk krevjande løype, sjå link: Løype D16

På sprinten stempla Elin dessverre feil og vart diska.



Filefjellmesterskap 25. juli

Postet av Hemsedal IL den 10. Aug 2015

Ole, Nils Erik og Guri deltok på ope filefjellmesterskap i orientering 25. juli. Løpet gjekk i fjellterreng 1000 - 1300 m.o.h og vart arrangert for 6. gong.

Ole vart nr.6 av 37 deltakarar på lengste løypa, medan Guri vart nr. 4 av 15 på den nest lengste løypa. Neste år bør vi kanskje prøve å reise endå fleire på dette løpet?

Invitasjon Filefjellmesterskapet                 Resultater



Resultater treningsløp 12. august

Postet av Hemsedal IL den 1. Jul 2015

Etter ein liten sommarferie var det klart for nytt treningsløp onsdag 12. august. Løpet gjekk i Lio, med start ved Erik Enitch.

Resultater treningsløp 12.08.15.pdf

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Ål. Oppmøte utanfor KIWI kl. 17.00 for samkøyring.





Resultater treningsløp 1. juli

Postet av Hemsedal IL den 1. Jul 2015

Siste løpet før sommarferien gjekk 1. juli på kartet Synarsvaet, som ligg ovanfor Hulbak. Neil hadde lagt fine løyper som var både fysisk og o-teknisk krevjande. Ola hadde beste tid på lang løype.

Resultater treningsløp 01.07.2015.pdf

Neste løp i Hemsedal er i Lio 12. august.



O-løp onsdag 1. juli

Postet av Hemsedal IL den 1. Jul 2015

Siste treningløpet før sommarferien er onsdag 1. juli. Oppmøte ved Hulbak kl. 18


Resultater Hallingtreffen 2

Postet av Hemsedal IL den 24. Jun 2015

71 løparar deltok på Hallingtreffen 2 i Lio 24. juni. Pål Gunnar Mikkelsplass viste at formen framleis er god og vann langløypa før Vidar Sire og Ola Jordheim.

Resultater Hallingtreffen 24.06.15.pdf

Neste løp er det siste før sommarferien. Det går på kartet Synarsvaet onsdag 1. juli, med start ovanfor Hulbak. Neil er løypeleggjar.
































Hallingtreffen 2 onsdag 24. juni i Lio

Postet av Hemsedal IL den 20. Jun 2015

Det andre løpet i Hallingtreffen går i Hemsedal onsdag 24. juni kl. 18. Løpet går på Lio-kartet med start og mål hjå Toril og Hans Vidar Sørensen. Det er merka frå Rv. 52 ved avkøyringa til Lio (ca. 4 km etter Tuv). Det er lett nybegynnarløype som du kan rusle rundt utan tidtaking, dersom du ynskjer det.

Meir info:  Invitasjon Hallingtreffen 2



Kartutsnitt Lio (1: 10 000, gjeve ut i 2012)



Resultater treningsløp onsdag 17. juni

Postet av Hemsedal IL den 17. Jun 2015

Løpet gjekk på Eikre-kartet med start ved Huso fjellgard. Ole hadde lagt fine og krevjande løyper, noko som gjorde resulterte i ein del bomming, også for dei mest rutinerte. Jakob var raskast på lengste løypa.

Resultater treningsløp 17.06.2015.pdf

Onsdag 24. juni er det Hallingtreffen på Lio-kartet, med start frå Toril og Hans Vidar Sørensen.



Resultater treningsløp 10. juni

Postet av Hemsedal IL den 7. Jun 2015

85 løparar deltok på o-løpet 10. juni. Ola og Jakob hadde lagt 4 fine løyper på Torsetåsen-kartet, med start og mål ved Krikken.

Resultater treningsløp 10.06.2015.pdf

Neste onsdag, 17. juni, er det løp på Eikre-kartet, med start og mål ved Huso. 



Sørlandsgaloppen 2015 / Junior VM

Postet av Hemsedal IL den 7. Jun 2015

4. - 10. juli er det klart for Sørlandsgaloppen 2015, som går parallelt med junior VM med mål på felles arena. Det fyrste løpet går i Høydalsmo, medan dei 4 siste løpa går i Rauland. Arrangøren lovar flott o-terreng og mykje folk, så dette bør bli ei bra oppleving!

NB! Ordinær påmeldingsfrist er måndag 15. juni.

Ola er påmeldt på løp 3 og 4, som inngår i norgescupen for juniorar. Fam. Ulsaker er påmeldt på løp 4 og 5.

Meir info: Sørlandsgaloppen / Junior VM



O-festivalen 26. - 28. juni i Oslo

Postet av Hemsedal IL den 7. Jun 2015

Nydalen er arrangør av årets o-festival, som går i området rundt Sognsvann i Oslo helga 26. - 28. juni. Stort arrangement med lange tradisjonar, så kjekt om Hemsedal stiller med løparar i år også. Så langt har Ola og Håvard meldt sin interesse.

NB! Ordinær påmeldingsfrist er sundag 14. juni

Meir info: Norsk o-festival



O-teknisk trening sundag 7. juni kl. 10

Postet av Hemsedal IL den 6. Jun 2015

Det blir o-teknisk trening i krevjande skråli (A-nivå) sundag 7. juni. Oppmøte ved Søre Skølt (Eikrevegen) kl. 10.00. Viktig å vere presis, for starten ligg eit lite stykke frå vegen. Neil tek ein rask gjennomgang med litt tips og triks før start.

Neil har lagt 4 krevjande sløyfer (A-nivå), men dei kan kombinerast til ei eller to sløyfer, så du avgjer i stor grad sjølv kor langt du vil springe. (Lengste varient er 11,5 km). Det heng postar ute, men ingen stempling.

Postane blir hengande ute i ei veke, slik at det er mogleg å ta postane seinare, dersom det ikkje høver sundag. Kart ligg i garasjen til Endre.

Møt opp til ei krevjande og lærerik økt.







98 deltakarar på Tuv!

Postet av Hemsedal IL den 31. Mai 2015

Onsdag 3. juni var det treningsløp frå bustadfeltet på Tuv med heile 98 deltakarar! Guro og Elin hadde lagt fine løyper. Lengste løype vart vunne av Neil, 25 sek. før Ola.

Resultater treningsløp 03.06.2015

Neste løp er onsdag 10. juni. Dette løpet går på Torsetåsen kartet med start frå Krikken. Jakob og Ola er løypeleggjarar.



Øystein sprang kort løype.





Resultater Hallingtreffen 1

Postet av Hemsedal IL den 25. Mai 2015

Nesbyen IL arrangerte den fyrste Hallingtreffen onsdag 27. mai kl. 18.00. Løpet gjekk på kartet "Drifteslepa". 18 hemsedøler deltok.

Resultater Hallingtreffen 1


Invitasjon Hallingtreffen 1 2015.pdf



Pinseløpet Kongsberg

Postet av Hemsedal IL den 25. Mai 2015

Kongsberg o-lag arrangarte som vanleg pinseløp i pinsehelga, med over 800 deltakarar. Sissel og Halvor var med på sundag, fam. Ulsaker deltok laurdag og sundag, medan Neil og Vendula var med alle tre dagane.

På laurdag tok Neil ein sterk 2. plass i H40, medan han på sundag sprang inn til 5. plass og på måndag 3. plass.

Sindre leverte eit kjempeløp på sundag og vart nr 2 av 35 deltakarar i H11-12. Han kom på 5. plass dagen før.

Håvard sprang også bra begge dagar, og i og med at dei beste juniorløparane var oppteken med Norgescup på Hedmarken, vart det 2. og 3. plass i H17-18.

Resultater laurdag
Resultater sundag
Resultater måndag



Sindre og Halvor lader opp til løpet med litt fotball.



Seierspallen i H11-12 på sundag.


83 deltakarar på treningsløpet 20. mai

Postet av Hemsedal IL den 19. Mai 2015

Onsdag 20. mai var det o-løp med start frå Hemsedal barne- og ungdomsskule. 83 løparar deltok og Jakob var raskast på den lengste løypa. Løpet gjekk på sprintkartet, noko som betyr enkel orientering, mange postar og litt kortare løyper enn vanleg. Terje og Sevat hadde lagt fine løyper.

Resultater treningsløp 20.05.2015.pdf

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Nesbyen. Vi samlast kl. 17.00 på Kiwi for samkøyring.









Resultater treningsløp 13. mai

Postet av Hemsedal IL den 13. Mai 2015

Sesongens andre treningsløp gjekk på Svøo 13. mai. Heile 21 løparar tok lengste løypa, sjølv om den var 5,7 km og nokså krevjande.

Resultater treningsløp 13.05.2015.pdf

Neste løp er onsdag 20. mai. Då blir det løp på sprintkartet med start på Hemsedal barne- og ungdomsskule. Vel møtt!






77 deltakarar på sesongens fyrste o-løp.

Postet av Hemsedal IL den 4. Mai 2015

Det var sesongstart onsdag 6. mai med start ved Mørken. Det var 4 løyper med ulik lengde og vanskegrad og Narve hadde lagt gode løyper.

Etter løpet var det som vanleg gratis saft, frukt og twist.

Resultater treningsløp 6. mai

Neste løp er på Svøo onsdag 13. mai
Minner også om nybegynnarkurs på HBU sundag 10. mai.






Nybegynnarkurs sundag 10. mai

Postet av Hemsedal IL den 4. Mai 2015

Det blir nybegynnarkurs på HBU (Hemsedal barne- og ungdomsskule) sundag 10. mai kl. 18.00 - 19.30. Vi blir mest inne, men tek også ei lita økt ute. Målgruppe er primært nybegynnarar, men dei med litt erfaring kan også ha utbytte av kurset. Vi har kompass, men har du eige kompass, kan du ta med det.

Vel møtt!










Terminliste 2015

Postet av Hemsedal IL den 24. Apr 2015

O-sesongen starter 6. mai med start fra Mørken. Merket fra rv. 52 ved Hjelmen.

Terminliste 2015

Terminliste med løypeleggere 2015.xls








Styret O-gruppa 2015

Postet av Hemsedal IL den 4. Mar 2015

Styret 2015 (ingen endringer):

Funksjon
Navn
Telefon
e-post
Leiar: Knut Terje Venås 916 73 910 venaas@online.no
Nestleiar: Ingrid Eskilt 416 29 742 iseskilt@yahoo.no
Kasserar:Tone Søndmør 950 49 885 tsondmor@online.no
Skrivar:Rune Abrahamsen 411 26 321 rune@hemsedalfjellsport.no
Mat. forv.:Lars Einar Intelhus 471 76 218 intelhus@langrenn.com
Kartansv.Endre Ulsaker 901 16 272 eulsaker@online.no