Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal IL - Orientering

Resultater Gravsetrennet 2016

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 3. Des 2016

165 løparar deltok på Gravsetrennet laurdag 3. desember. Arrangementet gjekk knirkefritt og det verka som løparane kosa seg.

Litt bilder kjem etterkvart.

Resultater Gravsetrennet 2016.PDF




Gravsetrennet 2016

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 1. Des 2016

Laurdag 3. desember er det klart for Gravsetrennet. Rennet går i klassisk stil med 30 sek. startintervall.

Det er lagt kunstsnø i 1 og 2 kilometeren, så der er det fine forhold. Mildværet sist helg leita hardt på snøen i 3 og 5 kilometeren, så vi vel nok å bruke 1 og 2 kilometeren på Gravsetrennet. Det betyr at 13 og 14 år går 2 km + 1 km, medan dei som er sett opp på 5 km går 3 rundar i 2 kilometeren. Herrer 17 år og eldre går 5 rundar i 2 kilometeren.

Startliste.PDF


Invitasjon Gravsetrennet 2016

Gravsetrennet 2016

Løypekart Gravsetrennet.pdf (Kun 1 og 2 kilometeren som blir brukt på Gravsetrennet 2016)

Gravset værstasjon
Gravset webkamera
Værprognose Gravset







Avslutningskveld fredag 21. oktober

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 14. Okt 2016

Sesongavslutning for o-gruppa blir på Kyrkjestugu fredag 21. oktober kl. 18.00.

Det blir:

  • Litt informasjon frå styret
  • Konkurranse / leik
  • Pizza og brus
  • Premieutdeling frå klubbmesterskapet
  • Utdeling av deltakarpremie og innsatspremie.


Vi håpar du kan koma. Om du har vore på mange eller få løp spelar ingen rolle. Pizza og brus er gratis. Vi reknar med å vere ferdige til kl. 19.45.




43 deltakarar på nattorientering

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 25. Sep 2016

Sesongens siste og kanskje mest spennande o-løp, nattorienteringa, gjekk av stabelen onsdag 28. september med start frå KRIK Høyfjellssenter i Lio. Knut Terje var løypeleggjar.

Lengste løypa vart vunne av Andres, med Ove på andreplass.

Resultater nattorientering.pdf


Det blir avslutningskveld for o-gruppa litt lenger ut på hausten.







Treningsløp onsdag 21.09

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 20. Sep 2016

Årets siste vanlege treningsløp gjekk på Eikre-kartet onsdag 21. september. Start var ved Kalveslettan (langs Eikrevegen rett etter Borge). Kolbjørn og Ove var løypeleggjarar.

Resultater treningsløp 21.09.pdf



Hemsedal vann stafetten!

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 13. Sep 2016

På vinnarlaget sprang Ola Jordheim, Halvor Rudningen og Rune Abrahamsen.

Eivind Røe Gullingsrud på Nesbyen sitt 2. lag sprang ein kjempeetappe og veksla fyrst etter ein etappe, om lag minuttet før Rune Abrahamsen på Hemsedal sitt fyrstelag. Knut Ivar Vestli (Ål 2) kom inn som nummer 3. Halvor Rudningen på Hemsedal sitt fyrstelag hadde beste etappetid på andre etappe og sprang Hemsedal opp i tet med ei luke på drøye 4 minutt til Nesbyen 1 med Marit Mikkelsplass. Marit hadde sprunge Nesbyen 1 opp frå 5. til 2. plass på sin etappe. Ola Jordheim (Hemsedal 1) hadde beste tid på tredje og siste etappe og held dermed ein jagande Pål Gunnar Mikkelsplass (Nesbyen 1) på trygg avstand. I mål var Hemsedal drøye 6 minutt føre Nesbyen. Ål sitt fyrstelag tok 3. plass etter ein god sisteetappe av Vidar Sire.

Resultater HM stafett 2016.pdf


Hemsedal stilte med 7 lag, Nesbyen hadde 3 lag og Ål stilte med to lag.

Stafetten gjekk sundag 18. september med start ved Hemsedal Hytte- og feriepark.

Meir informasjon finn du her: Invitasjon HM stafett

Hemsedal stilte med desse sju laga.

Lag1. etappe (3,6 km)2.etappe (2,1 km)3.etappe (4,9 km)
Hemsedal 1RuneHalvorOla
Hemsedal 2VendulaGuriNeil
Hemsedal 3KjellGunvorLars Einar
Hemsedal 4TerjeSindreElin
Hemsedal 5Nils ErikJakobSevat
Hemsedal 6SisselMiriamAndres
Hemsedal 7DagEivorPer Kristian


Startskotet går!


Full fart ut frå start.


3 unge, ivrige o-løparar frå Hemsedal.


Bronselaget (Ål 1): Eivind, Erling og Vidar


På pallplass: Nesbyen 1, Ål 1 og Hemsedal 1

Vinnarlaget med vandrepremie.

Utsnitt frå løpsområdet.



Resultater Hallingtreffen 5

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 13. Sep 2016

Onsdag 14. september gjekk det femte og siste løpet i Hallingtreffen. Nesbyen IL var arrangør og løpet gjekk på kartet "Drifteslepa", med start og mål på Liaset.

Resultater Hallingtreffen 5

Etter løpet var det premiering både for dette løpet og samanlagtpremiering. Alle som deltek på minst 3 av løpa i Hallingtreffen fekk samanlagtpremie. Det er 12 poeng for 1. plass, 10 poeng for 2. plass og så 8, 7, 6, .... Dei tre beste løpa gjeld.

Samanlagtresultat

Invitasjon Hallingtreffen 5


Utsnitt frå kartet "Drifteslepa" og H21-løypa under KM i 2009















God innsats på Modum 2-dagers

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 13. Sep 2016

Veteranmesterskapet var i år ein del av Modum 2-dagers. På laurdag var det langdistanse på Norefjell med 10 hemsedøler på startstreken. Rune tok ein fin 5. plass i H40 (10 deltakarar), medan Sindre fekk 5. plass i H13-14 (16 deltakarar). Øystein sprang sitt fyrste løp i H11-12 utanfor Hallingdal og sprang inn til ein flott 6. plass av 11 deltakarar. Miriam vann D13-16C, medan Erlend hadde beste tid i H10. Stort sett greie løp av dei andre hemsedølene også.

Resultater laurdag

Laurdag ettermiddag og kveld kosa vi oss på Krøderen Kro og Camping. Dei to tøffaste, Marianne og Erlend, bada i Krøderen.

Sundag var det mellomdistanse på Kløftefoss, eit veldig flott o-terreng med fantastiske furumoar, dødisgroper og innslag av ravineterreng. 13 hemsedøler deltok denne dagen og Neil slo til med ein sterk 2. plass i H40 (16 deltakarar). Halvor gjekk heilt til topps i H13-14 (12 deltakarar), medan Miriam hadde beste tid i D13-16C. Vi gratulerer! Guri og Endre kom akkurat med i øverste halvdel i henholdsvis D15-16 og H45.

Resultater sundag

Ein flott gjeng samla på Modum 2-dagers. Neil var ikkje til stades då biletet vart teke.


Veldig morosamt med fyrsteplass til Halvor, som har hatt ein god sesong.


Marianne på veg mot mål sundag.

To gode kompisar og konkurrentar i H13-14







73 deltakarar på klubbmesterskapet

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 6. Sep 2016

Årets klubbmesterskap gjekk på Vannin-kartet 7. september, med start frå Ålrust. Neil hadde lagt 4 fine løyper.

Rune hadde beste tid på langløypa, medan Øyvind var raskast på den nest lengste løypa. Kort løype vart vunne av Jakob.

Klubbmesterskap 2016.pdf

Det blir premieutdeling på avslutningskvelden til hausten.




KM bronse til Halvor

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 3. Sep 2016

7 hemsedøler deltok i KM individuelt på Kongsberg 3. september. Halvor tok ein flott bronsemedalje i H13-14 etter eit godt løp i eit krevjande terreng. Det var 13 løparar med i klassen.

I H40 vart Neil nr. 3 totalt, men han hadde nest beste tid av løparane frå Buskerud..

Vi gratulerer!

Resultater KM 2016

Neste år er det Hemsedal som arrangerer KM i orientering!



Hallingtreffen Gol onsdag 31.08

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 31. Aug 2016

Det 4. løpet i Hallingtreffen går på Gol Onsdag 31.08 kl. 18.00. Løpet går på Solseter-kartet. Felles avreise frå KIWI kl. 17.



Resultater o-løp Hødnset 24. aug.

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 21. Aug 2016

40 løparar hadde møtt opp i regnværet onsdag 24. august. Terje hadde lagt fine løyper, der dei to lengste løypene hadde smårundar med kartbytte (einmannsstafett). I tillegg var det ei lett nybegynnarløype og ei nokså enkel kortløype.

Resultater

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Gol (ved Solseter). Felles køyring frå Kiwi kl. 17.



Resultater HM 2016

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 8. Aug 2016

Ål IL er arrangerte Hallingdalsmeisterskap i orientering onsdag 17. august. Løpet gjekk på kartet Fuglehovda, rett ovanfor Øvre-Ål. Hemsedal fekk heile 9 hallingdalsmeistrar. Vi gratulerer!

Resultat HM 2016.pdf


Invitasjon HM 2016


Hallingdalsmeisterskap i stafett går i Hemsedal sundag 18. september.




Resultater treningsløp 10. august

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 8. Aug 2016

Haustsesongen starta med treningsløp i Lio onsdag 10. august. Start var ved Erik Enitch.

Lang løype vart vunne av Ole, etterfulgt av Rune. Jan Vidar gjorde det best på mellomlang, tett fulgt av Ola.

Resultater treningsløp 10 08 2016 Lio .pdf

Neste onsdag er det Hallingdalsmeisterkap på Ål. Møt opp på Kiwi kl. 17.

Neste løp i Hemsedal er på Hødnset onsdag 24. august.



O-ringen 23. - 29. juli

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 8. Aug 2016

Vendula og Neil deltok på o-ringen i Sälen. Dette er verdens største o-løp med ca. 20 000 deltakarar og det er totalt 5 løp.

Neil sprang 5 rimeleg gode løp og låg omtrent midt på resultatlista alle dagane i klasse H35, som er ein krevjande klasse.

Vendula sprang i klasse D21 kort-2 og var siste dagen heilt oppe på 6. plass av totalt 140 løparar i denne klassen. Ein god prestasjon.

O-ringen 2016




Godt løp av Halvor på Hovedløpet

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 8. Aug 2016

Hovedløpet, som gjekk på Konnerud 6. og 7. august, var uoffisielt NM for 14, 15 og 16 åringar. På langdistansen sundag sprang Halvor veldig bra og vart nr. 19 av totalt 86 startande i H14, noko som er imponerande. Han var nest beste løpar frå Buskerud i klassen. Her kan du sjå løypa til Halvor: Løype H14

Resultat Hovedløpet 2016

På sprinten laurdag vart Halvor nr. 54 av totalt 90 startande, men var ikkje nøgd med det løpet. Her kan du sjå sprintløypa hans: Sprintløype H14

Hovedløpet 2016

NB! Neste år går Hovedløpet på Beitostølen, så det hadde vore kjekt om Miriam, Eivor, Halvor, Jakob, Sindre (og kanskje fleire) deltek på dette. Det brukar å vere ei stor og kjekk oppleving for o-ungdommane.




Filefjellmesterskap i orientering

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 8. Aug 2016

Filefjellmesterskapet har vore eit o-høgdepunkt på Filefjell dei siste 7 sesongane, der fjellområdets beste o-løparar har vorte kåra og feira. Terrenget er ope fjellterreng fra 1000-1300 m.o.h, for det meste lettløpt snaufjell, men parti med bjørkeskog mot slutten av løypene. Med andre ord same typen terreng som vi har på Mørkedalen-kartet. Årets løp gjekk laurdag 6. august.

Invitasjon

Tradisjonen tru deltok fam. Hulbak også i år. Både Guri, Ole og Nils Erik sprang den lengste løypa på 7,5 km. 25 løparar sprang denne løypa og Ole tok ein sterk 4. plass, medan Nils Erik og Guri vart nr. 17 og 21.

Resultater filefjellmesterskapet

Dette er eit triveleg arrangement med kort køyreveg, så kanskje fleire hemsedøler blir med neste år.





Resultater treningsløp 29. juni

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 28. Jun 2016

Siste o-løpet før ferien var onsdag 29. juni med start frå Gapahuken ved Fossheim. Elin var løypeleggjar.

Ola vann langløypa, med Neil og Ole på dei neste plassane.

Reultater





Resultater Hallingtreffen 3 på Ål

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 21. Jun 2016

Onsdag 22.juni var det Hallingtreffen 3 på Ål med 61 deltakarar. Løpet gjekk på Vermeli-kartet.

20 hemsedøler deltok. Neil hadde beste tid på lengste løypa, Endre var best på 4,7 km, medan Terje var raskast på 3,5 km.

Resultater Hallingtreffen 2

Innbydelse Hallingtreffen 3.pdf




Resultater treningsløp onsdag 15. juni

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 15. Jun 2016

15. juni var det sprintløp med start frå leikeplassen i Bekkjidalen. Sprintløp betyr kortare løyper, mange forholdsvis enkle postar og målestokk 1 : 5 000. På lengste løypa (3,3 km) fekk løparane kartet i startøyeblikket.

Til tross for regn og sommaravslutning for heile Ulsåk skule deltok 54 løparar. Ole var klart raskast på lengste løype, medan Halvor var suveren vinnar på den mellomste løypa.

Resultater.pdf


Neste onsdag er det Hallingtreffen på Ål. Vi møtast på Kiwi kl. 17.00 for felleskøyring.



O-festivalen

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 12. Jun 2016

Årets o-festival gjekk i Sarpsborg 24. - 26. juni. Det var sprint i Sarpsborg sentrum fredag kveld og lang- og mellomdistanse frå Rudskogen Motorsenter laurdag og sundag. O-festivalen er Norges største o-arrangement med 2 - 3 000 deltakarar.

Fam. Ulsaker deltok alle dagane og var stort sett rimeleg tilfreds med innsatsen. Erlend var inne blant dei 5 raskaste i H10 alle tre dagane. Sindre var ikkje heilt fornøgd på dei to fyrste løpa, men sprang inn til 6. plass av 40 startande i H13 på sundag.

Meir info om arrangementet: O-festivalen 2016

Neste år går o-festivalen i oppdal 23. - 25. juni.






Korrigerte resultater Hallingtreffen 2

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 7. Jun 2016

Heile 93 detakarar var med på Hallingtreffen 2 i Hemsedal 7. juni. Løpet gjekk på Eikre-kartet med start ved Fuglehaugen. Lengste løypa vart vunne av Ola Jordheim, med Pål Gunnar Mikkelsplass på 2. plass.

Det var nokre feil på resultata på lengste løype på den fyrste resultatlista som vart publisert. Korrigert og rett resultatliste finn de her: Resultater Hallingtreffen 2

For meir info: Invitasjon Hallingtreffen 2.pdf



Resultater treningsløp 1. juni

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 3. Jun 2016

Det var 83 deltakarar på treningsløpet på Tuv 1 juni. Ola vann langløypa, to og eit halvt minutt føre Sigurd. Guri vann mellomlang løype.

Resultater



Resultater Hallingtreffen 1 på Nesbyen 25.05

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 24. Mai 2016

Onsdag 25.05 er det Hallingtreffen på Nesbyen. Løpet går på Todalen-kartet. Merka frå Nesbyen sentrum. Vi møtast på Kiwi kl. 17.00 for samkøyring.

Resultater Hallingtreffen 1

Invitasjon Hallingtreffen 1



88 løparar på treningsløp 18. mai

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 19. Mai 2016

Onsdag 18. mai var det treningsløp på Ulsåk-kartet, med start frå Svøo. Jakob og Ola hadde lagt fine løyper i eit krevjande o-terreng. Heile 88 løparar deltok.

Resultater .pdf

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Nesbyen på Todalen-kartet. Vi møtast på Kiwi kl. 17.00 for samkøyring.






Resultater treningsløp 11. mai.

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 6. Mai 2016

O-sesongen starta onsdag 11. mai med start ved Hjelmen. 68 løparar deltok. Rune vann langløype, medan Ove var raskast på den nest lengste løypa

Resultater treningsløp 11.05.2016.pdf


Onsdag 18. mai er det nytt løp, med start frå Svøo.

Terminliste 2016.pdf

På o-løpa kan du velje lett løype og rusle rundt i ditt eige tempo, eller du kan velje ei meir krevjande løype. På kvart løp blir det lagt ut 4 løyper med ulik lengde og vanskegrad. Det er alltid ei lett nybyrjarløype og opplæring vert gjeve. Kartet er gratis og kompass kan du låne av o-gruppa.

Orientering er ein flott familieidrett, der barn og vaksne opplever spenning og
naturglede saman. I orientering lærer du å lese kart, og får i tillegg både mosjon,
frisk luft og fine naturopplevingar.












Aktuelle løp utanfor Hallingdal 2016

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 6. Mai 2016

Vi håpar ein del har lyst til å delta på o-løp utanfor Hemsedal og Hallingdal. Nedanfor er det lista opp ein del aktuelle løp. Ta kontakt med Endre (eulsaker@online.no / 90116272) dersom du vil delta. Det hadde vore kjekt om vi blir ein gjeng på nokre av løpa, f. eks. på o-festivalen og Modum 2-dagers.

Meir informasjon om løpa får du ved å klikke på linkane:

14. - 15. maiPinseløpetKongsbergPinseløpet
24. - 26 juniO-festivalenSarpsborgO-festivalen
7. - 10. juliSørlandsgaloppenLillesandSørlandsgaloppen
13. - 17. juliFjord-O vestStryn / ÅlesundFjord-O
23. - 29. juliO-ringenSälen (Sverige)O-ringen
6. augustFilefjellmesterskapetFilefjellFilefjellmesterskap
6. - 7. aug.Hovedløpet (14-16 år)KonnerudHovedløpet
5. - 10. aug.O-landsleir (14-16 år)KonnerudO-landsleir
3. sept.KM individueltKongsbergKM
4. sept.KM StafettKongsbergKM
10. 11. sept.Modum 2-dagers
Veteran NM
ModumModum 2-dagers
22. okt.Blodslitet
NM Ultralang
Blodslitet


Terminliste 2016

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 2. Mai 2016

Framleis ein del snø i skogen, men onsdag 11. mai er det klart for sesongens fyrste o-løp med start på Hjelmen. Klikk på linken for å få opp terminlista; Terminliste 2016

Terminliste med løypeleggere og medhjelpere

Info til løypeleggjar og medhjelpar.pdf


Vel møtt til ein ny sesong!





Årsmøte O-gruppa tysdag 9.2.2016 kl 20:00 på Klubbhuset

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 24. Jan 2016

ÅRSMØTE 2015 I O-GRUPPA

Tid: Tysdag den 9. februar 2015 kl 20:00

Stad: Klubbhuset

Sakliste:

Sak 1. Godkjenning av årsmøteinnkalling

Sak 2. Val av møteleiar

Sak 3. Val av referent

Sak 4. Årsmelding 2015

Sak 5. Rekneskap 2015

Sak 6. Treningsavgift

Sak 7. Budsjett 2016

Sak 8. Val (på val: Lars Einar, Knut Terje, Ingrid)


Vel møtt!



Powered by: Bloc