Avslutningskveld fredag 26. oktober

Postet av Hemsedal IL den 17. Okt 2018

Sesongavslutning for o-gruppa blir på Kyrkjestugu fredag 26. oktober kl. 18.00.  

Det blir:

  • Litt informasjon frå styret
  • Pizza og brus
  • Konkurranse / leik
  • Premieutdeling frå klubbmesterskapet
  • Utdeling av deltakarpremie og innsatspremie.

Vi håpar du kan koma. Om du har vore på mange eller få løp spelar ingen rolle. Pizza og brus er gratis. Vi reknar med å vere ferdige til kl. 19.45.



Resultater nattorientering 26. september

Postet av Hemsedal IL den 25. Sep 2018

32 løparar stilte opp på sesongens siste o-løp i Hemsedal, nattorienteringa. Start var frå det gamle skulehuset i Ålrust.

Det vart veldig tett i toppen på lengste løypa. Neil var 3 sekund før Rune og 52 sekund før Andres. Sindre vann mellomlang og hadde dagens beste kilometertid.

Resultatet nattorientering 26.09.2018.pdf

Det blir avslutningskveld med bl. a. pizza og premiering i slutten av oktober.


  



Hallingdalsmesterskap

Postet av Hemsedal IL den 16. Sep 2018

Onsdag 19. september er det klart for Hallingdalsmesterskap i orientering. I år er det Nesbyen IL som inviterer til den individuelle delen av Hallingdalsmesterskapet. Løpet går på Drifteslepa-kartet med start på Liaset frå kl. 17.30. Følg vegen frå Nesbyen sentrum mot Tunhovd. Merka frå Nesbyen sentrum. Hugs bom med mynt.

Vi møtast utanfor KIWI kl. 16.30 (NB! Merk tida) for å fylle opp i bilane.

Resultater HM 2018

Meir info: Invitasjon HM 2018.pdf

Vel møtt!




Resultater Hallingtreffen 5 og samanlagt

Postet av Hemsedal IL den 8. Sep 2018

58 løparar deltok på sesongens siste Hallingtreff, som gjekk på Vannin-kartet onsdag 12. september. Oppmøte var på Gravset skistadion. Pål Gunnar Mikkelsplass var raskast på lengste løypa.

Resultater Hallingtreffen 5 12.09.2018.pdf

Samanlagtresultat 2018: Hallingtreffen 2018 samanlagt.pdf        Hallingtreffen 2018.xlsx

Meir informasjon om løpet finn du her. Invitasjon Hallingtreffen 5 2018.pdf

Under ser du nybegynnerløypa:




Klubbmesterskap 5. september

Postet av Hemsedal IL den 4. Sep 2018

46 løparar stilte til start på årets klubbmesterskap som gjekk på Eikre-kartet 5. september. Start var lagt til Huso fjellgard og familien Abrahamsen var arrangør.

Resultater klubbmesterskap 2018.pdf

I mangel på konkurranse frå eldre ungdommar, som no er reist tilbake på studiar, vart det ein ganske grei siger til Neil på lengste løypa. Jan Vidar hadde beste tid på mellomlang løype.

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Gravset.

Biletet: Neil vann lengste løypa



Resultater Hallingtreffen 4 på Gol

Postet av Hemsedal IL den 28. Aug 2018

Onsdag 29. august var det klart for Hallingtreffen 4 på Gol. Parkering ved Solseter og start ved skiskytterbanen.  

Resultater Hallingtreffen 4 2018.pdf

Innbydelse:

 HALLINGTREFFEN 4 - 2018 

Gol,  (o-gruppa), ønsker velkommen til Hallingtreffen 4 i orientering. 

Onsdag 29. august kl. 18:00 

Solseter

Parkering Solseter

Start Skiskyterbanen merka fra parkeringen.

Start: Kl. 18:00

Kart: Solseter Målestokk 1:7 500, utgitt 1984. Kart for nybegynnerløypa har målestokk 1:5000. 

Løyper og klassar: Ca. 1,5 km (N-nivå) D/H 11-12, N-åpen (Ingen rangering.) 

Ca. 2,8 km (C-nivå) D/H 13-14, D/H 17C, D/H 70 

Ca. 3,0 km (A-nivå) D 50, D/H 60 

Ca. 3,5 km (A-nivå) D 15-16, D 17-18, D 35, H 50 

Ca. 4,5 km (A-nivå) D 19, H 15-16, H 35 

Ca. 6,0 km (A-nivå) H 17-18, H19 

Startkontingent T.o.m. 16 år: Kr. 50,- 

F.o.m 17 år Kr. 75,- 

 

Premiering: Premiering til alle i klassane D/H 11-12, D/H 13-14 og N-klassar. 

Klassevinnar i dei andre klassane. 

Løypeleggjarar: Dag Stemsverk 

Premiering: Marianne Engh

Kontroll: Vidar Sire

Påmelding: Ved oppmøte løpsdagen. 

VELKOMEN! 

Vel møtt!





Resultater treningsløp 22. august

Postet av Hemsedal IL den 21. Aug 2018

Treningsløpet 22. august gjekk i Lio, med start frå Enitch. Kjell og Knut Terje hadde lagt 4 fine løyper. Suveren vinnar på lang løype vart Yngve, medan Sindre hadde beste tid på mellomlang.

Resultater treningsløp 22.08.pdf

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Gol (Solseter). Felles avreise frå KIWI kl. 17.

Biletet: Nybegynnarløypa



Resultater Hallingtreffen 3

Postet av Hemsedal IL den 13. Aug 2018

Ål IL var arrangør på fyrste Hallingtreffen etter ferien. Den gjekk onsdag 15. august på kartet Vermelie. 

Hallingtreffen 3. 16.08.2018.pdf

Invitasjon til Hallingtreffen 3 





Resultater o-løp 8. august - Hulbak

Postet av Hemsedal IL den 28. Jun 2018

Vi var ikkje heilt heldige med været på fyrste løpet etter ferien, men ein ivrig gjeng møtte opp i regnværet. Løpet gjekk på kartet Synarsvaet, med oppmøte ved Hulbak. Guri og Nils Erik hadde lagt fine, men krevjande løyper. 

Resultatetr treningsløp 08.08.2018.pdf

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Ål. Felles avreise frå Kiwi kl. 17.

Utsnitt frå kartet



Resultater treningsløp 27. juni

Postet av Hemsedal IL den 26. Jun 2018

Siste o-løpet før ferien gjekk onsdag 27. juni, med start ved Fuglehaugen. Fam. Mestvedthagen hadde lagt 4 gode løyper i eit fint o-terreng. 13 løparar på lang løype i 27 varmegrader var veldig bra. Ikkje like god deltaking på dei kortare løypene.  Ole var raskast på lang løype, medan Ola tok andreplassen.

Resultater treningsløp 27.06.2018.pdf


Fint løpsterreng sør for Fuglehaugen




Resultater Hallingtreffen 2 på Gol

Postet av Hemsedal IL den 20. Jun 2018

46 løparar stilte opp på Hallingtreffen 2, som gjekk på nytt sprintkart "Hallingmo". Samlingsplass var på idylliske Renslotunet. Ole Hulbak var raskast på den lengste løype.

Resultater Hallingtreffen 2.pdf

Neste onsdag, 27. juni, er det løp frå Fuglehaugen.


Mange kosa seg i sola og synest det var morosamt med sprintorientering i skogsterreng med mange stigar.

Ein ivrig hemsedalsgjeng diskuterer vegval etter løpet.



Storeslem til Hemsedal på stafetten

Postet av Hemsedal IL den 18. Jun 2018

Hemsedal tok alle pallplassane under sundagens Hallingdalmeisterskap i stafett på Ål! Med heile 7 hemsedalslag på startstreken var optimismen stor før start. Til tross for noko bomming på fyrste etappe var det 3 hemsedalslag som veksla fyrst. Rune (Hemsedal 1) veksla 26 sek. før Guro (Hemsedal 2) og 59 sek før Endre (Hemsedal 7).

På andre etappe hadde Ola Arnfinn beste etappetid og sprang Hemsedal 2 opp i leiing. Kjell (Hemsedal 1) veksla som nummer to, medan Terje sprang Hemsedal 4 opp til tredjeplass.

Ola (Hemsedal 1) imponerte på siste etappe og hadde klart beste etappetid. Dermed enda det med siger til Hemsedal 1 (Rune, Kjell, Ola), andreplass til Hemsedal 2 (Guro, Ola Arnfinn, Ole) og tredjeplass til Hemsedal 4 (Elin, Terje, Sevat)

For å gjere det heile komplett tok fam. Rudningen (Hemsedal 3) 4. plassen.

Neste år håpar vi på fleire lag og sterkare konkurranse frå Ål og Nesbyen.

Resultater HM stafett 2018.pdf

Hemsedal tapetserte seiersallen


Vinnarlaget med Rune, Ola og Kjell



Hallingtreffen 2 på Gol onsdag 20. juni

Postet av Hemsedal IL den 16. Jun 2018

Håpar mange har lyst til å bli med på o-løp på Gol onsdag 20. juni kl. 18. Løpet startar på Renslotunet og går i området nord for fotballbanen og nye Gol skule. Det er eit sprintkart med både skogsterreng med gode stigar og områder med bebyggelse. Dei eldste årsklassane har stort sett postar i skogsterreng. Løpet er ikkje eit reint sprintløp, men det blir litt fleire postar og litt kortare løypelengder enn til vanleg, sjå elles vedlagte invitasjon.

Oppmøte på KIWI kl. 17.00, så fyller vi opp bilane.

Meir info: Invitasjon Hallingtreffen 2.pdf


Samlingsplass ved Renslotunet



O-teknisk trening på Gravset i sommar

Postet av Hemsedal IL den 16. Jun 2018

Neil har lagt ut 35 postar på Gravset-kartet og har 5 ulike kart til salgs:

Postplukk: 3,7 km 21 postar
Lang: 7,2 km 11 postar
Mellom: 4,7 km 13 postar
Kurvekart (kun høydekurver): 4,6 km 14 postar
Alle postar: 35 postar

Postane heng ute til 30. september og kan kjøpeast på
HIL sine treningsløp, turistkontoret og hjå Neil direkte. Eitt kart kostar kr 40, medan du får 5 valgfrie kart for kr 150.

Eit flott opplegg for den som vil ha litt ekstra trening.




Stafett sundag 17. juni kl. 18

Postet av Hemsedal IL den 16. Jun 2018

Ål IL inviterer til Hallingdalsmeisterskap i stafett sundag 17. juni kl. 18.00 (merk tida). Stafetten går på Øvre-Ålsåsen. Merka frå Nedre-Ål skule i Ål sentrum. Ca 15 min. å køyre mot Kvinnegardslia. Inntil 5 min. å gå frå parkering til samlingsplass. Vegavgift kr 50,- (kun SMS-betaling).

Kartet er i målestokk 1 : 7 500 og er frå 2015. Det er 3 etapper og Hemsedal stiller med 6 eller 7 lag. Gje beskjed til Endre (Tlf. 90116272) om du har lyst til å vere med.

Meir informasjon: Invitasjon HM stafett 2018.pdf





Resultater treningsløp 13. juni

Postet av Hemsedal IL den 10. Jun 2018

Treningsløpet denne onsdagen gjekk på kartet Torsetåsen, med start ved Krikken.

Resultater treningsløp 13.06.2018.pdf




Resultater treningløp onsdag 6. juni

Postet av Hemsedal IL den 3. Jun 2018

O-løpet på Tuv 6. juni samla 61 løparar. På lang løype vart det overlegen seier til Ola Jordheim, som viste at formen er god, sjølv om det har vore lite orientering siste tida. På plassane bak Ola var det tett. Mellomlang løype vart, ikkje overraskande, vunne av Ove Engene. Her også var det veldig tett på plassane etter Ove.

Resultater treningsløp 6. juni.pdf

Neste onsdag er det o-løp på Torsetåsen-kartet, med start frå Krikken.



Sevat vann sykkelorienteringa

Postet av Hemsedal IL den 31. Mai 2018

Sundag 3. juni var det klart for årets sykkelorientering, med start ved Hemsedal barne- og ungdomsskule. 33 postar var teikna inn på turkartet og syklistane avgjorde sjølv kva postar dei ville ta. Postar som låg langt vekk gav mest poeng og målet var å samle flest poeng i løpet av 2 timar, eventuelt i løpet av 1 time. 

Ingen klarte å samle meir poeng enn Sevat:  Resultater sykkelorientering 2018.pdf




Hallingreffen 1 på Nesbyen 30. mai

Postet av Hemsedal IL den 28. Mai 2018

Onsdag 30. mai var det klart for fyrste Hallingtreffen, med Nesbyen IL som arrangør. Løpet gjekk på Trytetjern-kartet i sterk varme!

Resultater Hallingtreffen 1.pdf

Invitasjon Hallingtreffen 1 2018.pdf





72 deltakarar på o-løp onsdag 23. mai

Postet av Hemsedal IL den 22. Mai 2018

Onsdagens løp gjekk på Ulsåk-kartet med start på Svøo. 72 løparar stilte til start.

Resultater treningsløp 23.05.2018.pdf

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Nesbyen. Møt opp på KIWI kl. 17 for samkøyring.



Resultater treningsløp 16. mai.

Postet av Hemsedal IL den 15. Mai 2018

46 løparar deltok på sesongens fyrste o-løp onsdag 16. mai. Fyrste løpet gjekk ved rv. 52, ca. 400 meter nord for avkøyringa til Langeset.

Resultater treningsløp 16. mai.pdf


Neste o-løp er onsdag 23. mai med start frå Svøo.




Info til løypeleggjar og medhjelpar

Postet av Hemsedal IL den 6. Mai 2018

Info til løypeleggjar og medhjelpar

 

Medhjelparen skal vere med å arrangere på løpsdagen og kanskje spesielt ta seg av nybegynnarane. Medhjelparen kjøper inn saft (3 liter), pappkrus (50 stk.), frukt og twist

(2 pakker) på KIWI. Beløpet skal førast på o-gruppa sin konto (nr. 56) på KIWI. Fint om kvittering blir lagt i konvolutt som ligg i o-kassa.  

 

Medhjelparen tek med ca. 10 liter ferdigblanda saft. Det er viktig at både løypeleggjar og medhjelpar møter minst ein halv time før løpet (kl. 17.30). Det er fint om medhjelparen kan vere med og ta inn postar etter løpet.  

 

På vanlege treningsløp skal det leggjast 4 løyper:

 

•        Nybegynnarløype (1,5 - 2,0 km): Denne løypa skal fylgje tydelege detaljar som sti, bekk, jordekant, gjerde, kraftline, tydeleg myr o.l. Legg løypa og postane så enkelt du kan. Bruk merkeband dersom det er eit litt vanskeleg strekk. Løypa skal ha minst 6 postar. Vi brukar ikkje EKT, men vanlege stifteklemmer. Nokre gonger vil løypa vere teikna av Endre, og oppgåva di blir då berre å hengje ut postane. 

 

•        Kort løype (2,5 - 3,0 km): Denne løypa skal vere nokså enkel. Postane skal liggje på eller nær tydelege detaljar. Du kan godt bruke store delar av nybegynnarløypa, kombinert med dei enklaste postane på mellomlang.

 

•        Mellomlang (ca 3,5 km): Løypa bør vere nokså krevjande. Fint om du klarer å lage nokre ”vegvalsstrekk.”

 

•        Lang løype (ca 5 – 5,5 km): Krevjande løype. Du kan godt bruke store delar av mellomlang løype. 

 

 

Andre praktiske opplysningar for løypeleggjaren:

 

•        Postar, kart, løpskasse, bord m.m. hentar du på siste løpet før ditt eige, eller hjå den som hadde dette. Kontaktperson dersom noko manglar er Endre (901 16 272).

 

•        Postane takast inn og leverast i løpet av ei veke. Postane tek du med på fyrste løpet etter ditt eige, og leverer til nestemann på lista. Vi har to sett med postar.

 

•        EKT skal brukast på dei tre lengste løypene, men ikkje på nybegynnarløypa. På postane med EKT brukar vi no kun blanke postar. Koden står på postenheten.

 

•        Reine nybegynnarpostar skal ha post med bokstavkode og stifteklemme. Nybegynnarpostar som andre løyper også brukar, skal vere blanke og ha både stifteklemme og postenhet.

 

•        Vi ynskjer å ha ferdig påteikna kart på løpa våre. Lever difor dei ferdige løypene til Endre måndag kveld (eller før), så teiknar han desse på data og skriv ut.

 

•        Løypeleggjaren bør ta kontakt med medhjelparen eit par dagar før løpet.

 

•        Løypeleggjar har ansvar for å merke vegen til start. Alle løp skal merkast frå rv. 52

 



Terminliste 2018

Postet av Hemsedal IL den 5. Mai 2018

O-sesongen startar onsdag 16. mai. Fyrste løpet går på Ulsåk-kartet, med start ved rv. 52, ca. 400 meter nord for avkøyringa mot Langeset. Det er merka til start frå rv. 52.

Heile terminliste finn du her: Terminliste 2018

Terminliste med løypeleggjarar og medhjelparar finn du her: Terminliste med løypeleggere 2018.pdf

Vel møtt til mange fine turar!




Årsmøte i o-gruppa 28. februar

Postet av Hemsedal IL den 14. Feb 2018

Det blir årsmøte i orienteringsgruppa onsdag 28. februar kl. 20.00 på klubbhuset (garderobebygget). Vanlege årsmøtesaker. Alle er velkomne!

Årsmøte sakliste.pdf