Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal IL - Orientering

Resultater o-løp 8. august - Hulbak

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 28. Jun 2018

Vi var ikkje heilt heldige med været på fyrste løpet etter ferien, men ein ivrig gjeng møtte opp i regnværet. Løpet gjekk på kartet Synarsvaet, med oppmøte ved Hulbak. Guri og Nils Erik hadde lagt fine, men krevjande løyper. 

Resultatetr treningsløp 08.08.2018.pdf

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Ål. Felles avreise frå Kiwi kl. 17.

Utsnitt frå kartet



Resultater treningsløp 27. juni

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 26. Jun 2018

Siste o-løpet før ferien gjekk onsdag 27. juni, med start ved Fuglehaugen. Fam. Mestvedthagen hadde lagt 4 gode løyper i eit fint o-terreng. 13 løparar på lang løype i 27 varmegrader var veldig bra. Ikkje like god deltaking på dei kortare løypene.  Ole var raskast på lang løype, medan Ola tok andreplassen.

Resultater treningsløp 27.06.2018.pdf


Fint løpsterreng sør for Fuglehaugen




Resultater Hallingtreffen 2 på Gol

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 20. Jun 2018

46 løparar stilte opp på Hallingtreffen 2, som gjekk på nytt sprintkart "Hallingmo". Samlingsplass var på idylliske Renslotunet. Ole Hulbak var raskast på den lengste løype.

Resultater Hallingtreffen 2.pdf

Neste onsdag, 27. juni, er det løp frå Fuglehaugen.


Mange kosa seg i sola og synest det var morosamt med sprintorientering i skogsterreng med mange stigar.

Ein ivrig hemsedalsgjeng diskuterer vegval etter løpet.



Storeslem til Hemsedal på stafetten

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 18. Jun 2018

Hemsedal tok alle pallplassane under sundagens Hallingdalmeisterskap i stafett på Ål! Med heile 7 hemsedalslag på startstreken var optimismen stor før start. Til tross for noko bomming på fyrste etappe var det 3 hemsedalslag som veksla fyrst. Rune (Hemsedal 1) veksla 26 sek. før Guro (Hemsedal 2) og 59 sek før Endre (Hemsedal 7).

På andre etappe hadde Ola Arnfinn beste etappetid og sprang Hemsedal 2 opp i leiing. Kjell (Hemsedal 1) veksla som nummer to, medan Terje sprang Hemsedal 4 opp til tredjeplass.

Ola (Hemsedal 1) imponerte på siste etappe og hadde klart beste etappetid. Dermed enda det med siger til Hemsedal 1 (Rune, Kjell, Ola), andreplass til Hemsedal 2 (Guro, Ola Arnfinn, Ole) og tredjeplass til Hemsedal 4 (Elin, Terje, Sevat)

For å gjere det heile komplett tok fam. Rudningen (Hemsedal 3) 4. plassen.

Neste år håpar vi på fleire lag og sterkare konkurranse frå Ål og Nesbyen.

Resultater HM stafett 2018.pdf

Hemsedal tapetserte seiersallen


Vinnarlaget med Rune, Ola og Kjell



Hallingtreffen 2 på Gol onsdag 20. juni

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 16. Jun 2018

Håpar mange har lyst til å bli med på o-løp på Gol onsdag 20. juni kl. 18. Løpet startar på Renslotunet og går i området nord for fotballbanen og nye Gol skule. Det er eit sprintkart med både skogsterreng med gode stigar og områder med bebyggelse. Dei eldste årsklassane har stort sett postar i skogsterreng. Løpet er ikkje eit reint sprintløp, men det blir litt fleire postar og litt kortare løypelengder enn til vanleg, sjå elles vedlagte invitasjon.

Oppmøte på KIWI kl. 17.00, så fyller vi opp bilane.

Meir info: Invitasjon Hallingtreffen 2.pdf


Samlingsplass ved Renslotunet



O-teknisk trening på Gravset i sommar

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 16. Jun 2018

Neil har lagt ut 35 postar på Gravset-kartet og har 5 ulike kart til salgs:

Postplukk: 3,7 km 21 postar
Lang: 7,2 km 11 postar
Mellom: 4,7 km 13 postar
Kurvekart (kun høydekurver): 4,6 km 14 postar
Alle postar: 35 postar

Postane heng ute til 30. september og kan kjøpeast på
HIL sine treningsløp, turistkontoret og hjå Neil direkte. Eitt kart kostar kr 40, medan du får 5 valgfrie kart for kr 150.

Eit flott opplegg for den som vil ha litt ekstra trening.




Stafett sundag 17. juni kl. 18

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 16. Jun 2018

Ål IL inviterer til Hallingdalsmeisterskap i stafett sundag 17. juni kl. 18.00 (merk tida). Stafetten går på Øvre-Ålsåsen. Merka frå Nedre-Ål skule i Ål sentrum. Ca 15 min. å køyre mot Kvinnegardslia. Inntil 5 min. å gå frå parkering til samlingsplass. Vegavgift kr 50,- (kun SMS-betaling).

Kartet er i målestokk 1 : 7 500 og er frå 2015. Det er 3 etapper og Hemsedal stiller med 6 eller 7 lag. Gje beskjed til Endre (Tlf. 90116272) om du har lyst til å vere med.

Meir informasjon: Invitasjon HM stafett 2018.pdf





Resultater treningsløp 13. juni

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 10. Jun 2018

Treningsløpet denne onsdagen gjekk på kartet Torsetåsen, med start ved Krikken.

Resultater treningsløp 13.06.2018.pdf




Resultater treningløp onsdag 6. juni

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 3. Jun 2018

O-løpet på Tuv 6. juni samla 61 løparar. På lang løype vart det overlegen seier til Ola Jordheim, som viste at formen er god, sjølv om det har vore lite orientering siste tida. På plassane bak Ola var det tett. Mellomlang løype vart, ikkje overraskande, vunne av Ove Engene. Her også var det veldig tett på plassane etter Ove.

Resultater treningsløp 6. juni.pdf

Neste onsdag er det o-løp på Torsetåsen-kartet, med start frå Krikken.



Levert av IdrettenOnline