Avslutningskveld sundag 17. november kl. 17.30

Postet av Hemsedal IL den 10. Nov 2019

Sesongavslutning for o-gruppa blir på Kyrkjestugu sundag 17. november kl. 17.30.  

Det blir:

  • Litt informasjon frå styret
  • Pizza og brus
  • Konkurranse / leik
  • Premieutdeling frå klubbmesterskapet
  • Utdeling av deltakarpremie og innsatspremie.

Vi håpar du kan koma. Om du har vore på mange eller få løp spelar ingen rolle. Pizza og brus er gratis. Vi reknar med å vere ferdige til kl. 19.15.



Resultater nattorientering 25.09

Postet av Hemsedal IL den 24. Sep 2019

Sesongens mest spennande o-løp, nattorienteringa, gjekk onsdag 25. september kl. 20, med start på Gravset. Narve var løypeleggjar på sesongens siste o-løp og hadde lagt 3 fine løyper. Det var ei lett nybegynnarløype og to litt meir krevjande løyper. Alle postane hadde refleks.

Lengste løype vart vunne av Neil, med Rune og Sindre på plassane bak. På den nest lengste løypa var det ungdommane Øystein, Sindre, Simen og Erlend som vann.

Resultater nattorientering 25.09.2019.pdf

Det blir avslutningskveld for o-gruppa seinare i haust. Meir informasjon kjem.



Hallingtreffen 5 på Nesbyen

Postet av Hemsedal IL den 15. Sep 2019

Femte og siste Hallingtreffen er onsdag 18. september, med start ved Synstevatn, på vegen mellom Nesbyen og Tunhovd. Løpet går på kartet Trolltjern (rev. 2019), som er ein del av det gamle Synstevatn-kartet. Det er merka frå rundkøyringa i Nesbyen sentrum. Om lag 500 meter å gå frå parkering til samlingsplass. NB! Start frå kl. 17.30. Det er premie på dette 5. løpet og det er i tillegg samanlagtpremiering til dei med 3 løp eller meir.

Felles avreise frå KIWI kl. 16.30, for dei som ynskjer det.

Meir informasjon: Invitasjon Hallingtreffen 5 2019.pdf




Resultater klubbmesterskap 11.09

Postet av Hemsedal IL den 10. Sep 2019

45 løparar trossa regnværet og deltok på klubbmesterskapet onsdag 11. september. Start var ved skytebanen på Torsetsida. Løpet gjekk på nyrevidert kart og hadde som vanleg 4 ulike løyper, alt frå lett nybegynnarløype til krevjande langløype. Neil var raskast på lang løype, etterfulgt av Yngve og Sindre, medan Ola Arnfinn hadde beste tid på mellomlang løype, med Terje og Svein på dei neste plassane. Premieutdeling frå klubbmesterskapet blir på avslutningskvelden til hausten. 

NB! Dessverre låg ein post på mellomlang og lang løype litt feil. Alle strekktider vart samla inn og strekktida til denne posten er trekt frå på sluttida, slik at resultatlista blir rettferdig.

Resultater klubbmesterskap 2019.pdf




Resultater frå hallingdalsmeisterskapen

Postet av Hemsedal IL den 3. Sep 2019

Ål IL arrangerte Hallingdalsmeisterkap onsdag 4. september.

Løpet gjekk på kartet Syningen og det var fine løyper, men dessverre ein svært regnfull dag. Frå Hemsedal vart Erlend, Sindre, Sissel og Rune vart hallingdalsmeistrar.

Resultater og meir informasjon frå løpet: HM individuelt 2019

Invitasjon




KM på Norefjell laurdag 31. august

Postet av Hemsedal IL den 26. Aug 2019

KM for Buskerud vert arrangert på Norefjell helga 31. august - 1. september. Start og mål er ved hotellet. Det er individuelt på laurdag og stafett på sundag. Med berre 1 time og 45 min. køyring er dette ein fin laurdagstur, så håpar mange har lyst til å vere med. Meld frå til Endre på tlf. 90116272 om du ynskjer å vere med, så melder han på. Ordinær påmeldingsfrist er tysdag 27. august kl. 23.59, men det er mogleg å etteranmelde.

Meir informasjon:    Invitasjon KM       KM Lang




Resultater frå o-løp på Hødnset 28.08

Postet av Hemsedal IL den 26. Aug 2019

Onsdag 28. august var det o-løp på kartet Langeset, med start frå bålplassen på Hødnset. Fam. Rudningen var arrangørar. Lang løype hadde 3 korte rundar med kartbytte. Mellomlang hadde to rundar med kartbytte. Yngve V. Venås hadde beste tid på lang løype, medan kjell Huso vann mellomlang løype.

Resultater treningsløp 28. august.pdf

Neste onsdag er det Hallingdalsmeisterskap på Ål.



55 deltakarar på o-løp på Gol 21. august

Postet av Hemsedal IL den 15. Aug 2019

Hemsedal IL inviterte til Hallingtreffen 4 onsdag 21. august. Løpet gjekk på Hallingmo-kartet, som ligg på nordsida av Gol sentrum. Hallingmo er eit sprintkart i målestokk 1 : 4 000. Det er både skogsterreng med gode stigar og områder med bebyggelse. Start var frå idylliske Renslotunet.

55 løparar deltok. Rakskast på den lengste løypa var Vegard Myklemyr, medan Sindre Ulsaker hadde beste tid på den nest lengste løypa. Else S. Tandberg var best på 2,5 km.


Resultater Hallingtreffen 4.pdf


Invitasjon Hallingtreffen 4 2019.pdf





Resultater frå o-løp 14. august

Postet av Hemsedal IL den 12. Aug 2019

Haustsesongen starta med treningsløp frå Huso fjellgard 14. august. Det var få deltakarar på dei to kortaste løypene, men bra deltaking på dei to lengste løypene. Jakob Mestvedthagen vann lengste løypa, medan Sissel Rudningen brukte kortast tid på den nest lengste løypa.

Resultater.pdf

Neste onsdag er det "sprintorientering" på kartet Hallingmo på Gol, med start frå Renslotunet.




Resultater frå o-løp i Lio 26. juni

Postet av Hemsedal IL den 23. Jun 2019

Siste o-løpet før ferien gjekk i Lio onsdag 26. juni kl. 18 med start hjå Synnøve og Yngve Vågen Venås.

Yngve vann lengste løypa på heimebane, medan Jakob hadde nest beste tid på denne løypa. Mellomlang løype vart vunne av jan Vidar Skolt.

Resultater treningsløp 26.6.2019 Lio.pdf




Ål vann stafetten, Hemsedal nr. 2 og 3

Postet av Hemsedal IL den 18. Jun 2019

Årets Hallingdalsmeisterskap i stafett gjekk på Eikre-kartet i Hemsedal laurdag 22. juni. Etter stor Hemsedal-dominans dei siste åra, var det no Ål sin tur til å stikke av med seieren, etter at Vidar Sire hadde gjeve Ål 1 ei solid luke på fyrste etappe. Halvor Rudningen (Hemsedal 2) og Guro Jordheim (Hemsedal 4) veksla som nummer to og tre.

På andre etappe hadde Erling Hagen (Ål 1) og Erlend Ulsaker (Hemsedal 2) dei to beste etappetidene og dermed kunne Arnstein Sørbøen (Ål 1) gå ut i tet på siste etappe, 8 minutt før Jakob Mestvedthagen på Hemsedal 2. Sjølv om Jakob hadde beste etappetid på siste etappe var det ikkje noko å gjere med Ål 1, som vann med 6 minutt. Hemsedal tok andre, tredje og fjerde plass.

Det var berre 7 lag med på årets stafett. Mange nesningar var på skisamling og det var i tillegg mange hemsedøler som ikkje kunne denne helga. Neste år må vi prøve å finne ei helg som passar betre. Nokre bilete frå løpet finn de nederst i artikkelen.

Resultater HM stafett 2019.pdf

Invitasjon HM stafett 2019.pdf


Vidar Sire sprang godt, men ikkje feilfritt, på fyrste etappe. Her stemplar han på siste post. Ål avgjorde i praksis stafetten på denne etappen.



Jan Vidar sprang godt på 1. etappe, spesielt fram til passeringsposten.



Marte Mestvedthagen på passeringsposten. Familien Mestvedthagen stilte reint familielag og kom på ein sterk 3. plass. I tillegg vart det sølvplass og beste etappetid på Jakob Mestvedthagen.



Tore er ein erfaren arrangør og gjorde ein bra innsats. Endre var løypeleggjar.



Hemsedøler diskuterer kart, bomming og vegval etter løpet.



Det same gjorde ålingane.



Vidar Sire måtte reise tidleg på grunn av 50 års feiring, men her er dei to andre på vinnarlaget.



"Pallen" på årets HM i stafett.

Kartutsnitt over løpsområdet:






Hallingtreffen 3 på Svangtjern ons. 19.06

Postet av Hemsedal IL den 18. Jun 2019

Tredje løpet i Hallingtreffen gjekk på kartet Svangtjern med Nesbyen IL som arrangør. 

Resultater Hallingtreffen 3.pdf

Innbydelse Hallingtreffen 3 2019.pdf




Enkel sykkelorientering søndag 16. juni kl. 13

Postet av Hemsedal IL den 15. Jun 2019

Søndag 16. juni er det klart for sykkelorientering, med start ved fotballbanen kl. 13. Ca. 30 poster er plassert i området skiheisen - sentrum - Torsetåsen. Postene er tegnet inn på turkartet og er enkle, så dette passer for alle som liker å sykle, både barn, familier og de som ønsker å trene til AIM Challange. Du avgjør selv hvilke poster du vil ta. Poster som ligger langt vekk gir mer poeng og målet er å samle flest poeng i løpet av 2 timer, eventuelt i løpet av 1 time. Gratis frukt, saft og twist etter løpet. O-gruppa er arrangør. Vel møtt!




Resultater sykkelorientering 16. juni

Postet av Hemsedal IL den 13. Jun 2019

32 syklistar stilte opp i lett regnvær sundag 16. juni, for å delta på årets sykkelorientering. Starten var ved fotballbanen. 32 postar var teikna inn på turkartet og syklistane avgjorde sjølv kva postar dei ville ta. Postar som låg langt vekk gav mest poeng og målet var å samle flest poeng i løpet av 2 timar, eventuelt i løpet av 1 time. 

På 2-timers varianten var Jakob Mestvedthagen 5 poeng før Rune Abrahamsen. 1-times konkurransen vart vunne av Ola Frogner.

Resultater sykkelorientring 2019.pdf





Sykkelorientering sundag 16. juni kl. 13

Postet av Hemsedal IL den 13. Jun 2019

Sundag 16. juni er det klart for årets sykkelorientering, med start ved fotballbanen. Vi startar kl. 13 og ikkje kl. 18 som det har stått på nokre termnlister. 33 postar er teikna inn på turkartet og syklistane avgjer sjølv kva postar dei vil ta. Postar som ligg langt vekk gjev mest poeng og målet er å samle flest poeng i løpet av 2 timar, eventuelt i løpet av 1 time. Det er enkel orientering, så ein treng ikkje vere god til å lese kart for å vere med.




Resultater frå o-løp på Tuv 12. juni

Postet av Hemsedal IL den 10. Jun 2019

Det var treningsløp frå bustadfeltet på Tuv onsdag 12. juni. Fam. Mestvedthagen var arrangørar. Yngve vann langløypa, med Guri på andreplass. På den nest lengste løypa hadde Halvor beste tida.

Resultater 12. juni.pdf




O-løp på Tuv onsdag 12. juni kl. 18

Postet av Hemsedal IL den 10. Jun 2019

Det blir treningsløp frå bustadfeltet på Tuv onsdag 12. juni kl. 18. Som vanleg er det 4 løyper, der den eine er veldig enkel. Fam. Mestvedthagen er løypeleggjarar. Gratis kart, saft og frukt. Vel møtt! 



Hemsedøler på o-løp i pinsa

Postet av Hemsedal IL den 10. Jun 2019

Det var fleire hemsedøler på o-løp i pinsehelga. Laurdag sprang Eiril og Tindre Rygg Bekkevold Pinsesprinten på Hamar, der løypene gjekk på kryss og tvers over heile Domkirkeodden.

Fam. Marston og Ulsaker sprang pinseløpa i Kongsberg. Fam. Marston deltok alle 3 dagane, medan 4 stk. Ulsaker var med laurdag og sundag. Laurdag vart Neil nummer 5 av 27 startande i H45, sundag vart Sindre nummer 3 av 33 startande i H15-16 og på måndag vart Vendula nummer 5 av 11 startande i D21. Vendula og Neil sprang same løype på måndag og Vendula var eitt sekund bak Neil, altså ein skikkeleg familieduell!







Resultater Hallingtreffen 2

Postet av Hemsedal IL den 1. Jun 2019

Onsdag 5. juni var det klart for Hallingtreffen 2 i Hemsedal med start frå Ålrust. 64 løparar deltok. Beste tid på langløypa hadde Kristen Mikkelsplass, medan Magnar Kolbjørnsgard tok andreplassen. På den nest lengste løypa var Rune Abrahamsen raskast.

Resultater Hallingtreffen 2.pdf


Invitasjon Hallingtreffen 2.pdf


Kartutsnitt frå løpsområdet:



Resultater o-løp onsdag 29. mai

Postet av Hemsedal IL den 27. Mai 2019

Onsdag 29. mai var det orienteringsløp med start og mål på Svøo. Familien Abrahamsen hadde ansvar for arrangementet denne gongen. På dei to lengste løypene var det fleire små rundar med kartbytte ute i skogen. Veldig morosamt, men også o-teknisk krevjande, så det vart ein del bomming. 46 løparar deltok.

Resultater treningsløp 29.05.2019.pdf

2 x Sissel diskuterar løypa før start






Hallingtreffen 1 på Ål 22. mai.

Postet av Hemsedal IL den 21. Mai 2019

Onsdag 22.mai er det Hallingtreffen 1 på Ål. Løpet går på kartet Fuglehovda i Øvre Ål. Merka frå Nedre Ål skule / Ål vgs. 50 kroner i bompengar (SMS). Meir informasjon finn du her.

Vi møtast utanfor KIWI kl. 17 for samkøyring.

Resultater Hallingtreffen 1

Neste løp i Hemsedal er på Svøo 29. mai.





Resultater o-løp onsdag 15. mai

Postet av Hemsedal IL den 13. Mai 2019

O-sesongen starta onsdag 15. mai med løp på Ulsåk-kartet. Starten var ved rv. 52, litt nord for brua over til Langeset. Nybegynnarløype ser du i biletet under. 

Neil vann lengste løypa med solid margin, Kjell vann mellomlang og Erlend var raskast på den korte løypa. Totalt deltok 57 løparar.

Resultater treningsløp 15.05.2019.pdf

Neste onsdag er det Hallingtreffen på Nesbyen. Felles avreise frå KIWI kl. 17. Onsdag 29. mai er det o-løp frå Svøo, med start på leikeplassen i Vettrevegen.

Terminliste for heile sesongen finn du her: Terminliste 2019.pdf





Nybegynnarkurs torsdag 9. mai kl. 18

Postet av Hemsedal IL den 8. Mai 2019

Torsdag 9. mai blir det nybegynnarkurs for alle frå og med 8 år og oppover. Dei med litt erfaring kan også ha utbytte av kurset. Vi møtast på HBU kl. 18 og reknar med å vere ferdige til kl. 19.45. Bruk inngangen ved biblioteket. Dersom det er opphaldsvær blir det ei lita økt ute i nærområdet til slutt.

Vel møtt!




Terminliste 2019

Postet av Hemsedal IL den 28. Apr 2019

O-sesongen i Hemsedal startar onsdag 15. mai kl. 18. Fyrste løpet er ved rv. 52, litt før brua over til Langeset (4 km sør for Ulsåk). Vi håpar mange blir med på o-løp i år også.

Orientering er ein fin familieidrett, der barn og vaksne opplever spenning og naturglede saman.
Det er alltid ei lett nybegynnarløype, der du kan gå rundt utan tidtaking, dersom du ynskjer det. Kartet er gratis, kompass kan du låne, og nødvendig opplæring kan du få på løpet. Vi har 4 ulike løyper, slik at det er løyper for alle nivå.

Klikk på linken for å få opp terminlista:    Terminliste 2019.pdf


Terminliste med løypeleggere og medhjelpere 2019.pdf





Årsmøte o-gruppa 4. mars

Postet av Hemsedal IL den 18. Feb 2019

Vel møtt til årsmøte i o-gruppa måndag 4. mars kl. 20 på klubbhuset (garderobebygget).

Innkalling til årsmøte i o-gruppa.pdf