God innsats på Modum 2-dagers

Postet av Hemsedal IL den 13. Sep 2016

Veteranmesterskapet var i år ein del av Modum 2-dagers. På laurdag var det langdistanse på Norefjell med 10 hemsedøler på startstreken. Rune tok ein fin 5. plass i H40 (10 deltakarar), medan Sindre fekk 5. plass i H13-14 (16 deltakarar). Øystein sprang sitt fyrste løp i H11-12 utanfor Hallingdal og sprang inn til ein flott 6. plass av 11 deltakarar. Miriam vann D13-16C, medan Erlend hadde beste tid i H10. Stort sett greie løp av dei andre hemsedølene også.

Resultater laurdag

Laurdag ettermiddag og kveld kosa vi oss på Krøderen Kro og Camping. Dei to tøffaste, Marianne og Erlend, bada i Krøderen.

Sundag var det mellomdistanse på Kløftefoss, eit veldig flott o-terreng med fantastiske furumoar, dødisgroper og innslag av ravineterreng. 13 hemsedøler deltok denne dagen og Neil slo til med ein sterk 2. plass i H40 (16 deltakarar). Halvor gjekk heilt til topps i H13-14 (12 deltakarar), medan Miriam hadde beste tid i D13-16C. Vi gratulerer! Guri og Endre kom akkurat med i øverste halvdel i henholdsvis D15-16 og H45.

Resultater sundag

Ein flott gjeng samla på Modum 2-dagers. Neil var ikkje til stades då biletet vart teke.


Veldig morosamt med fyrsteplass til Halvor, som har hatt ein god sesong.


Marianne på veg mot mål sundag.

To gode kompisar og konkurrentar i H13-14






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.