54 deltakarar i snøvær på Svøo

Postet av Hemsedal IL den 9. Mai 2017

Dei ivrigaste o-løparane lot seg ikkje stoppe av snøværet onsdag 10. mai. Sjølv om det stort sett var kvitt i skogen stilte heile 54 løparar opp. Elin, Halvor og Sindre hadde lagt krevjande løyper og det vart ikkje mindre krevjande med kvitt underlag.

Resultater treningsløp 10. mai.pdf

Neste onsdag er det 17. mai, men onsdagen etterpå er det klart for fyrste Hallingtreffen, som går på Todalen-kartet i Nes. Møt opp på Kiwi kl. 17 for samkøyring. Sundag 28. mai er det sykkelorientring på turkartet.


Max og von Tangen jr lot seg ikkje skremme av litt snø.

Torhild stemplar på siste post.


Gapahuken kom absolutt til nytte!


Tilde fann lett sisteposten


Knut Terje leverte eit godkjent løp på mellomlang løype


Nils Erik hadde nest beste tid på mellomlang løype, men hadde ein liten venstresleiv inn mot siste post.


Postdetaljen på siste post var pytt.


Kari og Erle kosa seg på tur


"Nesningen" Ola Arnfinn har vorte hemsedøl og spring no for Hemsedal IL :)


Andres sprang veldig bra, men stempla dessverre feil på ein post. Rune har hatt bedre dagar....


Ein ung løypeleggjar-trio: Halvor, Elin og Sindre


Lars Einar og Narve i ivrig diskusjon etter løpet.





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.