Sørlandsgaloppen 6. - 9. juli

Postet av Hemsedal IL den 20. Jun 2017

Velkomen til sol, sommar, ferie og orientering i Larvik frå torsdag 6. til sundag 9. juli, då årets Sørlandsgalopp går av stabelen. Hedrum orienteringslag og Larvik orienteringsklubb er arrangør.

Det hadde vore kjekt med ein gjeng frå Hemsedal på desse løpa, sjølv om det kolliderer med Hemsedal rulleskifestival. Delar av fam. Ulsaker og Rudningen kjem til å delta, men kjekt om vi blir endå fleire. Gje beskjed til Endre om du har lyst til å vere med. Ordinær påmeldingsfrist er måndag 26. juni, men mogleg med etteranmelding.

Arrangørane har som mål å skape eitt godt ferieløp, med spesielt fokus på dei unge. Det blir eit breitt løpstilbud med sprint-, mellom- og langdistanseløp, alle går på nytegna og rykande, ferske kart.

Sørlandsgaloppen 2017

Invitasjon


http://eventor.orientering.no/Events






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.