Resultater treningsløp 28. juni

Postet av Hemsedal IL den 25. Jun 2017

60 løparar deltok på siste o-løpet før ferien, som gjekk på det nyreviderte Vannin-kartet. Fam. Jordheim hadde lagt fysisk og o-teknisk krevjande løyper.

På lang løype vart det suveren seier til Ole, med Rune på andreplass.

På mellomlang løype var det jamnare og ikkje uventa var det Ove og Kjell som kniva om seieren. Ove trakk lengte strået og var 19 sek. raskare enn Kjell. Lenger ned på lista var det også jamnt, med bl. a. 4 løparar på 55-talet.

Kort løype vart vunne av Sissel.

Resultater treningsløp 28 06 2017.pdf

Neste o-løp er ikkje før onsdag 9. august. Då blir det "fjell-orientering" på Mørkedalen-kartet, med start litt før Bjøberg.

Fekk ein koseleg melding frå mottaket på Langeset, der ein liten gjeng takkar for opplæring og fine opplevingar med o-gruppa, før dei no reiser vidare. Det har vore kjekt å ha dei med på o-løp. I dag sprang Iqbal både kort og mellomlang løype og det gjekk veldig bra, så i kveld har han smakt på mestringsfølelsen og smilet var stort :)








Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.