9 hemsedøler på filefjellmeisterskap

Postet av Endre Ulsaker den 6. Jul 2020

Laurdag 18. juli var det klart for Filefjellmeisterskapet. Dette er eit uhøgtidleg o-løp i fjellterreng, med drøyt 100 deltakarar. Løypene gjekk stort sett over tregrensa og starten var ein del høgare enn mål. Det var oppmøte ved Filefjell Alpinsenter, så berre ein drøy time å køyre frå Hemsedal. Det var 4 løyper/klasser og løparane bestemte sjølv kva løype dei ville springe. Ingen klasseinndeling ut over dette. 

På den lengste løypa (7,5 km) deltok 47 løparar. Best av våre vart Ole med ein flott 5. plass, etterfulgt av Halvor på 8. plass, Sindre på 10. plass og Neil på 11. plass. Guri og Vendula sprang godt og vart nest beste og tredje beste dame på den lengste løypa.

På den nest lengste løypa (4,5 km) vart Erlend nr. 4 av 40 deltakarar.

Resultater: https://eventor.orientering.no/Events/ResultList?eventId=13258&groupBy=EventClass 

Meir informasjon: Innbydelse Filefjellmesterskap 2020.pdf


Påmelding i Eventor: https://eventor.orientering.no/Events/Show/13258 




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.