Halvor og Sindre på Hovedløpet 2017

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 13. Aug 2017

Halvor og Sindre deltok på Hovedløpet på Beitostølen 11. og 12. august. Hovedløpet er uoffisielt NM for 14, 15 og 16 år, så konkurransen er tøff.

Fredag var det sprint i hyttefelta på nedsida av Beitostølen sentrum. Sindre hadde god flyt, traff postane bra og sprang nok sitt beste løp i år. Det enda med 8. plass av totalt 78 løparar i H14 og var med det beste Buskerud-løper i guteklassane. Morosamt å få det til å klaffe på eit så viktig løp. Halvor sprang også veldig bra og hadde fått 25. plass av totalt 95 løparar i H15 om han ikkje hadde sprunge forbi siste post på veg til mål, men det gjorde han og då vart det dessverre disk.

Laurdag var det langdistanse med start over tregrensa. Halvor var revansjesugen etter sprinten og målet var premieplass (beste tredjedel). Halvor sprang godt og klarte premieplass med sin 28. plass av totalt 91 løparar i H15. Ein god prestasjon, sjølv om det vart litt lenger ned på lista enn hans sterke 19. plass på langdistansen i fjor. Sindre opna godt og låg på 12. plass etter fyrste langstrekket, men det vart dessverre ein del bomming seinare i løpet. Han var ikkje fornøyd og enda omtrent midt på resultatlista.

Begge gutane deltek på Hovedleiren, som blir avslutta med kretsstafett på tysdag.

Hovedløpet 2017



Halvor og Sindre i ivrig kartdiskusjon etter langdistansen.


Mykje folk på premieutdelinga.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc