Resultater Hallingdalsmeisterskap

Postet av Hemsedal IL den 8. Sep 2017

Hemsedal IL arrangerte Hallingdalsmeisterskap i orientering onsdag 13. september. Løpet gjekk på nytt Vannin-kart med start på Gravset . 65 løparar deltok. Beste tid på lengste løypa hadde Vidar Sire i H19, tett etterfulgt av Kristen Mikkelsplass i H17-18. Det var fleire tette og jamne klassar, ikkje minst H70 og H35. Beste kilometertid av alle løparane hadde unggutane Sindre og Jakob i H13-14, der Sindre var nede i 6 min og 50 sek. på kilometeren og Jakob hadde ca. 8 min/km.

Vi gratulerer alle hallingdalsmeistrar og minner om stafetten på Nesbyen fyrstkomande sundag.

Rune var løypeleggjar og hadde lagt fine løyper. Mykje regn siste tida gjorde myrene tunge.

Resultater Hallingdalsmeisterkapen 2017.pdf

Invitasjon til arrangementet: Invitasjon HM 2017.pdf


Biletet er teke lengst sør på Vannin-kartet


Utsnitt frå Vannin-kartet


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.