Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal vann stafetten!

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 8. Sep 2017

Nesbyen IL arrangerte Hallingdalsmeisterskap i stafett sundag 17. september på kartet Drifteslepa. Ål stilte med eitt lag, Nesbyen hadde 3 lag og Hemsedal stilte med 4 lag. 

På fyrste etappe gjekk det unna og Arnstein Sørbøen (Ål ) sprang den 3,7 km lange fyrsteetappen på 25 minutt og veksla fyrst. Hakk i hel kom Andres Rudningen (Hemsedal 1) og Pål Gunnar Mikkelsplass (Nesbyen 1). Eit sterkt løp av Andres! Desse tre laga hadde fått stor luke til dei andre laga på fyrste etappe. Halvor Rudningen (Hemsedal 2) veksla som nummer 4.

På andre etappe passerte Sindre Ulsaker (Hemsedal 1) Ål på veg til fyrste post og dermed var Hemsedal i tet. Sindre hadde beste etappetid og sendte Neil Marston ut med om lag 5 minutts leiing på tredje og siste etappe. Jakob Huso (Hemsedal 2) og Kjell Huso (Hemsedal 3) hadde også gode etappetider på andreetappe. 

Vidar Sire (Ål) sprang ut som nummer to på tredje etappe, medan Nesbyen 1 med Kristen Mikkelsplass sprang ut som nummer tre. Kristen gjorde eit kjempeløp og hadde beste tid på siste etappe. Han sprang Nesbyen 1 opp til andreplass, men klarte ikkje å ta igjen Neil. I mål var han om lag 2 minutt bak Neil. Dermed vart det nok ein stafettseier til Hemsedal, den fjerde på rad, og ny vandrepokal til odel og eige.

Resultater HM  stafett 2017.pdf

Meir info om arrangementet: Invitasjon HM stafett 2017.pdf

Vinnarlaget: Sindre, Andres og Neil


Seierspallen: Ål (3. plass), Hemsedal (1. plass) og Nesbyen (2. plass)

Åtte spente løparar på startstreken



Kartutsnitt Drifteslepa




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.