Ål vann stafetten, Hemsedal nr. 2 og 3

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 18. Jun 2019

Årets Hallingdalsmeisterskap i stafett gjekk på Eikre-kartet i Hemsedal laurdag 22. juni. Etter stor Hemsedal-dominans dei siste åra, var det no Ål sin tur til å stikke av med seieren, etter at Vidar Sire hadde gjeve Ål 1 ei solid luke på fyrste etappe. Halvor Rudningen (Hemsedal 2) og Guro Jordheim (Hemsedal 4) veksla som nummer to og tre.

På andre etappe hadde Erling Hagen (Ål 1) og Erlend Ulsaker (Hemsedal 2) dei to beste etappetidene og dermed kunne Arnstein Sørbøen (Ål 1) gå ut i tet på siste etappe, 8 minutt før Jakob Mestvedthagen på Hemsedal 2. Sjølv om Jakob hadde beste etappetid på siste etappe var det ikkje noko å gjere med Ål 1, som vann med 6 minutt. Hemsedal tok andre, tredje og fjerde plass.

Det var berre 7 lag med på årets stafett. Mange nesningar var på skisamling og det var i tillegg mange hemsedøler som ikkje kunne denne helga. Neste år må vi prøve å finne ei helg som passar betre. Nokre bilete frå løpet finn de nederst i artikkelen.

Resultater HM stafett 2019.pdf

Invitasjon HM stafett 2019.pdf


Vidar Sire sprang godt, men ikkje feilfritt, på fyrste etappe. Her stemplar han på siste post. Ål avgjorde i praksis stafetten på denne etappen.



Jan Vidar sprang godt på 1. etappe, spesielt fram til passeringsposten.



Marte Mestvedthagen på passeringsposten. Familien Mestvedthagen stilte reint familielag og kom på ein sterk 3. plass. I tillegg vart det sølvplass og beste etappetid på Jakob Mestvedthagen.



Tore er ein erfaren arrangør og gjorde ein bra innsats. Endre var løypeleggjar.



Hemsedøler diskuterer kart, bomming og vegval etter løpet.



Det same gjorde ålingane.



Vidar Sire måtte reise tidleg på grunn av 50 års feiring, men her er dei to andre på vinnarlaget.



"Pallen" på årets HM i stafett.

Kartutsnitt over løpsområdet:





0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline