Treningsløp onsdag 3. juni

Postet av Endre Ulsaker den 1. Jun 2020

Sesongens tredje o-løp går på Vannin-kartet, med start frå det gamle skulehuset i Ålrust frå kl. 17.30. Kartet vart oppdatert i 2016. Som vanleg er det 4 ulike løyper. Nybegynnarløype er enkel og utan tidtaking. Det er gratis å delta.

Heile terminlista finn du her: Terminliste 2020.pdf

Vi minnar om dei viktigaste smittevernreglane:

  • Det er ingen stempling på nybegynnerløypa. Deltakarane noterer kode som står på postane.
  • Valfri stempling på dei andre løypene, men alle som brukar brikke må vaske hender og brikke med sprit før start.
  • Ingen tek på same utstyret. Karta er ferdige på førehand og lånte kompass blir vaska godt.
  • Vask hendene før og etter at du har vore på trening. Håndsprit er tilgjengeleg på løpet.
  • Manuell tidtaking er mogleg
  • Innbyrdes avstand skal være minimum 1 meter. Hugs spesielt på dette før og etter løpet.
  • Det er ikkje lov å vere meir enn 5 personar i ei gruppe og desse skal halde god avstand, så sant dei ikkje er i same familie.
  • Fint om «nybegynnarane» kjem kl. 17.30, medan reisten kjem kl. 18 eller seinare.
  • Det blir ingen servering av frukt og drikke. Deltakarane tek med eigen drikkeflaske.
  • Personar i karantene eller med symptom på sjukdom skal ikkje delta.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.