63 deltakarar i sommarvarmen

Postet av Endre Ulsaker den 24. Jun 2020

Til tross for sommarferie og høge temperaturar møtte 63 løparar opp på treningsløpet i Lio 24. juni. 

Ola har vore plaga med skade i år og deltok på sitt fyrste o-løp denne sesongen. Han var likevel ikkje snauare enn at han vann lengste løypa, etterfulgt av Sevat og Neil. 18 deltakarar på langløypa denne kvelden. På mellomlang tok Erlend nok ein seier, medan det på kort løype var jamt mellom Ola, Olav og Simen.

Resultatliste finn du her: Resultater treningsløp 24. juni.pdf

Då er det berre eitt løp att før ferien. Det går i Hulbak onsdag 1. juli

Om du spring med GPS-klokke (eller telefon) kan du laste inn løpet ditt på https://www.livelox.com/ under "min klubbs arrangementer". Då kan du og alle andre sjå løpet ditt og samanlikne med andre løparar som legg inn løpet sitt. Veldig lærerikt! Du må opprette ein brukarkonto på eventor Norge om du ikkje har dette. Ta kontakt med Neil om du har spørsmål.

Fam. Abrahamsen var arrangørar på dagens løp og hadde lagt fine løyper:






0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline