Hemsedal med lag på NM-stafetten

Postet av Endre Ulsaker den 14. Sep 2020

Det var veldig kjekt at Jakob, Sevat og Ole representerte Hemsedal IL på NM-stafetten i Trøndelag 13. september. Her var alle dei beste med, så konkurransen var tøff, men desse karane er ikkje redde for litt utfordringar. Det var eit krevjande terreng, og med litt lite o-teknisk trening den siste tida, var det ikkje å forvente at det skulle bli full klaff.

Dei to fyrste etappane var 6,3 km, medan den siste var 7,1 km. Jakob starta ballet og fekk eit par bom på sin etappe. Sevat gjorde ein god etappe, og hadde 5 minutt betre etappetid enn storebror. Ole hadde ein bra etappe og sprang laget opp ein plass på siste etappe. Sjølv om Hemsedal havna eit godt stykkje ned på resultatlista, synes karane det var veldig artig å stille opp og vise fram den fine drakta til Hemsedal!

Kart frå siste etappe med gaflingar: http://www.tulospalvelu.fi/gps/20200913H3etp/

Tre flotte representantar for Hemsedal IL


Omtrent midt i flokken finn vi Hemsedals utplukka mann på fyrste etappe, Jakob

Jakob på veg inn til veksling

Sevat har vore god denne sesongen og her er han klar for å gje alt for Hemsedal på andre etappe!

Humøret etter fyrste etappe er bra

Det er ikkje kvar deg ein får konkurrere mot løparar som Olav Lundanes

Sevat på veg inn til veksling etter ein bra etappe.

Ankermann, Ole, i flott driv inn mot mål.






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.