Avslutningskveld fredag 13.11 kl. 18

Postet av Endre Ulsaker den 21. Okt 2020

Sesongavslutning for o-gruppa blir på Kyrkjestugu fredag 13. november kl. 18.00.

Dei viktigaste smittevernreglane:

  • Ingen med sjukdomssymtom får lov til å kome.
  • God avstand mellom personar som ikkje er i familie.
  • Alle må vaske hender med handsprit når dei kjem og når dei reiser.
  • Det er kun lov til å ta på det pizzastykket du skal ete sjølv og den brusen som er din!
  • Alle må registrere seg når dei kjem.

Det blir:

  • Litt informasjon frå styret
  • Pizza og brus
  • Konkurranse / leik
  • Premieutdeling frå klubbmesterskapet
  • Utdeling av deltakarpremie og innsatspremie.

Vi håpar du kan koma. Om du har vore på mange eller få løp spelar ingen rolle. Pizza og brus er gratis. Vi reknar med å vere ferdige til kl. 19.45.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.