Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal IL - Orientering

Pinseløpet Kongsberg

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 25. Mai 2015

Kongsberg o-lag arrangarte som vanleg pinseløp i pinsehelga, med over 800 deltakarar. Sissel og Halvor var med på sundag, fam. Ulsaker deltok laurdag og sundag, medan Neil og Vendula var med alle tre dagane.

På laurdag tok Neil ein sterk 2. plass i H40, medan han på sundag sprang inn til 5. plass og på måndag 3. plass.

Sindre leverte eit kjempeløp på sundag og vart nr 2 av 35 deltakarar i H11-12. Han kom på 5. plass dagen før.

Håvard sprang også bra begge dagar, og i og med at dei beste juniorløparane var oppteken med Norgescup på Hedmarken, vart det 2. og 3. plass i H17-18.

Resultater laurdag
Resultater sundag
Resultater måndag



Sindre og Halvor lader opp til løpet med litt fotball.



Seierspallen i H11-12 på sundag.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.