Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal IL - Orientering

Dobbeltseier til Hemsedal på stafetten

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 13. Sep 2015

Hemsedal tok både 1. og 2. plass på Hallingdalsmesterskapet i stafett sundag 13. september. Neil, Elin og Ola sprang på vinnarlaget, medan Rune, Guri og Endre sprang på sølvlaget. Nesbyen IL kom på tredjeplass og Ål IL på fjerdeplass. Hemsedal stilte med 5 lag på stafetten, som gjekk på åsen ovanfor Øvre Ål.

Grunnlaget vart lagt på fyrste etappe, der Neil og Rune veksla i tet, heile 10 min. før Nesbyen og Ål sine beste lag! Elin og Guri fulgte opp på andre etappe. Dermed vart det ein enkel jobb for Ola og Endre å sikre dobbeltseier.

Alle 3 løparane på fyrstelaget vårt hadde beste etappetid, medan alle løparane våre på Hemsedal 2 hadde nest beste etappetid! Håvard, på Hemsedal 3 hadde 3. beste etappetid på siste etappe.

Dessverre fekk Ola eit kutt i foten like før målpassering og måtte på legevakta for å sy etter at premieutdelinga var ferdig.

Resultat HM stafett 2015.pdf


Link til reportasje i Hallingdølen: http://hallingdolen.no/article/20150914/ARTIKKLER/...



Vinnarlaget: Ola, Elin og Neil




Spente løparar før start. Rune, Sissel, Nils Erik, Gunvor og Neil spring fyrsteetappe på våre 5 lag. Nesbyen 1 stiller med Kristen Mikkelsplass og Ål 1 med Arnstein Sørbøen.




Rune og Neil tek teten frå start.




Rune kjem fyrst til passeringsposten ved samlingsplass og har att ca. 1 km av fyrste etappe




Neil er rett bak. Til høgre i biletet ser vi Rune på veg ut frå posten.




Ivrige løparar følgjer spent med på passeringsposten.




Arnstein passerer som nummer 3, men har så langt tapt ca 5 min. til hemsedalslaga i tet.




Rune og Neil diskuterer etter målgang






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline