Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal IL - Orientering

Filefjellmesterskap i orientering

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 8. Aug 2016

Filefjellmesterskapet har vore eit o-høgdepunkt på Filefjell dei siste 7 sesongane, der fjellområdets beste o-løparar har vorte kåra og feira. Terrenget er ope fjellterreng fra 1000-1300 m.o.h, for det meste lettløpt snaufjell, men parti med bjørkeskog mot slutten av løypene. Med andre ord same typen terreng som vi har på Mørkedalen-kartet. Årets løp gjekk laurdag 6. august.

Invitasjon

Tradisjonen tru deltok fam. Hulbak også i år. Både Guri, Ole og Nils Erik sprang den lengste løypa på 7,5 km. 25 løparar sprang denne løypa og Ole tok ein sterk 4. plass, medan Nils Erik og Guri vart nr. 17 og 21.

Resultater filefjellmesterskapet

Dette er eit triveleg arrangement med kort køyreveg, så kanskje fleire hemsedøler blir med neste år.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline