Godt løp av Halvor på Hovedløpet

Postet av Hemsedal IL den 8. Aug 2016

Hovedløpet, som gjekk på Konnerud 6. og 7. august, var uoffisielt NM for 14, 15 og 16 åringar. På langdistansen sundag sprang Halvor veldig bra og vart nr. 19 av totalt 86 startande i H14, noko som er imponerande. Han var nest beste løpar frå Buskerud i klassen. Her kan du sjå løypa til Halvor: Løype H14

Resultat Hovedløpet 2016

På sprinten laurdag vart Halvor nr. 54 av totalt 90 startande, men var ikkje nøgd med det løpet. Her kan du sjå sprintløypa hans: Sprintløype H14

Hovedløpet 2016

NB! Neste år går Hovedløpet på Beitostølen, så det hadde vore kjekt om Miriam, Eivor, Halvor, Jakob, Sindre (og kanskje fleire) deltek på dette. Det brukar å vere ei stor og kjekk oppleving for o-ungdommane.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.