Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal IL - Orientering

Hemsedal vann stafetten!

Postet av Hemsedal IL - Orientering den 13. Sep 2016

På vinnarlaget sprang Ola Jordheim, Halvor Rudningen og Rune Abrahamsen.

Eivind Røe Gullingsrud på Nesbyen sitt 2. lag sprang ein kjempeetappe og veksla fyrst etter ein etappe, om lag minuttet før Rune Abrahamsen på Hemsedal sitt fyrstelag. Knut Ivar Vestli (Ål 2) kom inn som nummer 3. Halvor Rudningen på Hemsedal sitt fyrstelag hadde beste etappetid på andre etappe og sprang Hemsedal opp i tet med ei luke på drøye 4 minutt til Nesbyen 1 med Marit Mikkelsplass. Marit hadde sprunge Nesbyen 1 opp frå 5. til 2. plass på sin etappe. Ola Jordheim (Hemsedal 1) hadde beste tid på tredje og siste etappe og held dermed ein jagande Pål Gunnar Mikkelsplass (Nesbyen 1) på trygg avstand. I mål var Hemsedal drøye 6 minutt føre Nesbyen. Ål sitt fyrstelag tok 3. plass etter ein god sisteetappe av Vidar Sire.

Resultater HM stafett 2016.pdf


Hemsedal stilte med 7 lag, Nesbyen hadde 3 lag og Ål stilte med to lag.

Stafetten gjekk sundag 18. september med start ved Hemsedal Hytte- og feriepark.

Meir informasjon finn du her: Invitasjon HM stafett

Hemsedal stilte med desse sju laga.

Lag1. etappe (3,6 km)2.etappe (2,1 km)3.etappe (4,9 km)
Hemsedal 1RuneHalvorOla
Hemsedal 2VendulaGuriNeil
Hemsedal 3KjellGunvorLars Einar
Hemsedal 4TerjeSindreElin
Hemsedal 5Nils ErikJakobSevat
Hemsedal 6SisselMiriamAndres
Hemsedal 7DagEivorPer Kristian


Startskotet går!


Full fart ut frå start.


3 unge, ivrige o-løparar frå Hemsedal.


Bronselaget (Ål 1): Eivind, Erling og Vidar


På pallplass: Nesbyen 1, Ål 1 og Hemsedal 1

Vinnarlaget med vandrepremie.

Utsnitt frå løpsområdet.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline